Sjeldan har vel to revyartistar gjeve så mykje av seg sjølv som det Hege Schøyen og Jan Martin Johnsen gjorde under sin musikalrevy “Nattens umusikalske dronning”. Fredag entra dei scena på Sjøborg, og fekk latteren til å gå ustanseleg i nesten to timar i strekk.

Braksuksess

Schøyen og Johnsen hadde premiere på “Nattens umusikalske dronning” på Chat Noir september 2011. Sidan den gong har dei hausta kritikarroste meldingar frå fleire store aviser.

Denne helga gjekk turen til Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus for revyduoen, som med glans kunne servere braksuksessen for ein fullsett sal lattertørste sunnmøringar.

“Nattens umusikalske dronning” er ein musikalrevy basert på den tonedøve songaren Florence Foster Jenkins, spelt av Hege Schøyen, sitt liv.

På scenen spelar den talentfulle Jan Martin Johnsen den drøymande pianisten og songaren Cosme McMoon, som mot si eiga frie vilje får i oppgåve å spele med Foster Jenkins sine skeive tonar.

Foster Jenkins var operasongar berre i sitt eige hovud. Ho hadde svakt utvikla gehør og rytmesans og var knapt i stand til å halde ein tone. Foster Jenkins byrja med å gje småkonsertar i lukka selskap, men enda til slutt opp med å gjere ein storkonsert i sjølvaste Carnegie Hall. Ei reise i Foster Jenkins sitt liv som kvar og ein i kultursalen fekk vere med på.

Trampeklapp og applaus

Johnsen og Schøyen håva inn store applausar og trampeklapp frå dei bakarste rekkjene.

Sjølv om Schøyen underheldt publikum med falske tonar i nesten to timar, avslutta ho og Johnsen med å presentere Foster Jenkins sitt inntrykk av seg sjølv som songar.

Johnsen spelte piano, medan Schøyen steig fram på scena med ein stjernehimmel bak seg. Frå Schøyen kom dei vakraste, reinaste og dei høgste tonane utan eit snev av feil.

Slutten, og den spesielle hyllesta til Foster Jenkins, kunne lett bringe fram ei tåre eller to frå dei mest følsame i salen.

Den noko tonedøve songaren spelt av Hege Schøyen gjorde ulike sprell for merksemda si skuld. Og mange av desse fekk latteren til å eksplodere i kultursalen.
Hege Schøyen som Florence Foster Jenkins og Jan Martin Johnsen som Cosme McMoon leverte eit forrykande show på Sjøborg fredag. Foto: Joar Drønnesund