Det er Bjarne Wærdahl som får forfattaren hit. Dei gjekk på Rønningen folkehøgskule saman då Wærdahl var 17 år. Sidan då har dei halde kontakten.

Kvelden startar på Æra Lounge der det blir Bob Dylan-kveld. I 2012 gav Horgar ut, i lag med to andre, «Bob Dylan Leksikon», noko som med årets tildeling av Nobelprisen i litteratur vart aktuelt igjen.

Så held kvelden fram på Galleriet på Convexhusa. Der vil Horgar snakke om boka si «Paradisets Elendige», som er første boka i ein romanserie på fem. Så lenge dei karibiske øyane St. Thomas, St. John og St. Croix var eigd av Danmark (1660-talet til 1917) var Noreg og nordmenn tungt involverte i slaveri og koloniadministrasjonen.

Den første romanen tar til i Øygarden utanfor Bergen i 1672, og slutten på St. Thomas, 20 år etter. Hovudpersonen Johannes er fiktiv, men hendingane han er augevitne til, og personane han samhandlar med, er autentiske.

Dylan: Bob Dylan fekk nyleg nobelprisen i litteratur. Måndagskvelden kjem ein Dylan-ekspert til Ulsteinvik.