- Før i tida var det jo heilt vanleg med bygdedansar. Den tradisjonen har på mange måtar døydd ut dei siste åra. Spesielt etter at hotella dukka opp her på Hareidlandet. Det er på tide å blåse skikkeleg liv i tradisjonen igjen, seier Sigurd Liavåg.

Liavåg er leiar i Hareid ride- og køyreklubb, som eig og driv ridehallen i Hjørungavåg. Ridehallen blir arenaen for halldansen, og det er det lokale bandet Wild Cats som speler opp til dans. Bandmedlem Erlend Kvalsvik fortel at det garantert vil bli rocka steming i ridehallen.

- Det blir garantert noko av The Beatles og sjølvsagt noko av Creedence Clearwater Revival. Vi trur det blir ein heidundrande konsert, og eg trur folk kjem til å setje stor pris på arenaen for dansen, seier Kvalsvik. Wild Cats er ein kompisgjeng som har spelt saman gjennom fleire år, og med unntak av vokalisten som er larsnesing, er alle hareidsdølar.

- Det er ei utfordring å få samla alle saman, då nokre er på sjøen og andre er opptekne med andre ting. Men til halldansen er alle samla og klare til å gi hundre prosent, lovar Kvalsvik.

- Gode tilbakemeldingar

Arrangørane har stor tru på halldansen, og tilbakemeldingane etter at ideen vart lansert, har vore mange og utelukkande postitive.

- Vi trur dette blir veldig bra. Her har vi ein 1000 kvadratmeter stor hall å boltre oss i, og vi trur mykje folk ynskjer å komme, seier Camilla Strand Ringstad i arrangementkomiteen.

Ringstad legg til at arrangementkomiteen også ynskjer seg fleire frivillige til å vere vakter under arrangementet.