Teatret Vårt besøker Sjøborg kulturhus med «Vi bare spøker» laurdag 14. november. Dette vert karakterisert som ei stilfull komedie med heile 10 aktørar på scenen, inkludert jazztrioen Storywell. Klart det blir snodige forviklingar med ei ekskone som spøker i bakgrunnen.

Forfattaren Charles Condomine vil skrive ei bok om ei bløffmakar som lurer folk til å tru på det okkulte. I utgangspunktet syns han det er ein lur idé å halde ei privat seanse for ein mindre krets av gjester, og inviterer den klarsynte Madame Arcati heim til seg. Både han sjølv og gjestene hans er småbrisne og ikkje særleg innstilte på det overnaturlege. Ein smule motstand i rommet stoppar likevel ikkje den fargerike og energiske Madame Arcati; og sjølv om stort sett alt går gale under seansen lukkast dei likevel å påkalle eit vaskeekte spøkelse. Dessverre er det berre Charles som kan sjå og høyre det. Og kva verre er: det er ekskona hans, og ho nektar å forsvinne. Sjalusidramaet mellom hans døde og levande kone utløyser sjølvsagt eit momentant oppvaskmøte i begge ekteskapa til Charles. Dødsmorsomt? Ja, men ikkje for Charles.

Stort ensemble

I spissen for et stort ensemble står Vivi Sunde i den ikoniske rolla som Madame Arcati og Lars Melsæter Rydjord som den plagene forfattaren Charles Condomine. Jazztrioen «Storywell» spelar tidsriktig swingjazz er sminka som avdøde butlarar.

- Framsyninga er frå mi side tenkt som ein hyllest til den smittande opplevinga av felles latter i teatersalen – og til den glitrende skodespelarkunsten, seier teatersjef Thoms Bjørnager som framhevar at dette rett og slett er ei god anledning til å le saman med gode venner.