– Vi gler oss, samstemmer tre av deltakarane frå Ulstein, på veg i bil til Aure fredag.

Medan Katrine Mæhlum Pilskog (18) er som veteran å rekne innan UKM, er 14-åringane Oscar Dimmen Bratli og Iver Fiskaa Ødegård med på fylkesmønstring for aller første gong.

Sosialt og lærerikt

Katrine har vore med på fem lokalmønstringar, fire fylkesmønstringar og to landsmønstringar.

– Det er veldig sosialt å vere med på UKM (Ung Kultur Møtes). Eg har møtt mange kjekke folk og lært mykje, seier Katrine.

Årets fylkesmønstring blir den femte for 18-åringen.  Første året var ho med som kunstnar, medan ho dei siste åra har representert Ulstein som fotograf/journalist i nettredaksjon.

– No heiter det UKM-Media og eg skal vere med i år som ein av dei ansvarlege i gruppa. Det blir spennande, kommenterer Katrine.

Iver og Oscar er med som konferansierar, og ser fram til å treffe alle dei andre med same rolla under årets fylkesmønstring.

– Vi er spente, men mest av alt trur vi dette blir ei kjekke helg i lag med mange dyktige ungdommar.

Fleire frå Ulstein og Hareid

Det er fleire enn desse tre som ser fram til helga. I tillegg til dei tre skal følgjande representere Ulstein i årets UKM fylkesmønstring:

Helene Dammerud og Celina Marie Rossi Kaldhol (kunst)

Marte Hallingstad Barstad, Runar Finnøy, Ragnhild Øvrebøe, Sanne Saunes Hansen, Erlend Fiskaa Ødegård, Sander Bjørkedal og Arnstein Stokke (scene/musikk).

Martin Fiskaa Ødegård (Ung arrangør).

Hareid har med fire deltakarar i år. Desse er:

Malin Bø Nevstad og Elliot Hodge (kunst)

Adriana Iaguzhinskaia og Stine Longva Veddegjerde (scene/musikk)