Fredrik Steen og Ørjan Liavåg skal vere med å syte for god stemning på Aker Brygge i hovudstaden denne sommaren. Det gjer dei saman med to andre komikarar, nemleg Ørjan Burøe og Thomas Leikvoll. Framsyninga "Sommerlatter", som vert framført på Utescenen på standup-klubben Latter, vert i år arrangert for sjuande året på rad.

Plakaten for framsyninga meir enn antydar at det er duka for eit comeback for Hildegunn Moltubakk og svogeren Leif Per.

Regien er ved Vemund Vik.

Rune Viken i Stand Up Norge lovar at i bakgården på Latter kan ein vente seg ei framsyning stappa med humor, song, musikk og andre morosame sommaropplevingar.

- Her vil det absolutt vere noko for ein kvar smak, lokkar Viken.

Framsyninga har premiere torsdag 23. mai.

Hildegunn og Leif Per vert også med, i alle fall dersom vi skal tru plakaten for årest sommarframsyning.