Mange menn: På Facebook har det vore mykje diskusjon om kvifor denne flokken med menn var samla til fotografering. Enkelte har tippa på Hareid kristelege mannskor, andre at det måtte vere «noko bankgreier», andre derigjen at det er stiftarane av Hareid Idrettslag. Men alt dette er feil. Jan Bigset hadde fasiten: karane er samla til fotografering i Rose Rådhusets Selskapslokaler, og høvet er minnestunda til skipper og reiar Knut Flø. Det var nok mykje folk med i den minnestunda, og kvifor det var akkurat desse karane som vart avbilda, er noko uklart. Mange av dei har vore mannskap på båtar der Knut Flø har vore skipper, men ikkje alle. Nokre av dei er kanskje naboar og vener. Jan Bigset kan også fortelje at akkurat dette fotoet hang i 20 år på kontoret til Hans Flø, son til Knut Flø og neste reiar i reiarlaget Flømann. Vi namngir karane frå venstre i fremste rekke: Sverre Sivertsen (Syver-Sverre), Olav J. Hareide, Gustav Flø, Hans Flø, Olav Sivertsen (Syver-Olav), Normann Holm, Knut Indreflø, Petter Bakke-Hareide og Gullvald Eilertsen. Bak frå venstre: Eindride Hareide, Johannes Bjåstad, Ragnvald Bigset, Elias Alnes, Olav Gjerde (Gjers), Harald Flø og Odd Hovden. Knut Flø døydde julaftan 1975, og barnebarnet Kjartan Bjåstad hugsar at vêret var så dramatisk, med storm og torebyger, at gravferda måtte utsetjast. Om fotoet er frå tampen på 1975, eller heilt i starten av 1976, er derfor uvisst. ANNE GRY EILERTSEN