M/S Nybakk frå Måløy vart laurdag tildelt Trebaatfondets Ærespris. Båten stiller årleg opp på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik, noko dei no får heider for.

- Båten vart i si tid bygd utelukkande for pigghåfiske, fortel ein av mannskapet om bord, John Arne Nybakk.

Seinare har M/S Nybakk blitt ombygd til garnfiske, men dei siste åra har han vore nytta som fiskebåt for turistar og andre som vil ha ein fisketur utanom det vanlege. M/S Nybakk har elles hatt fleire turar til Shetland og Orknøyane og har vore arena for fleire utstillingar om kystkultur og båtbyggjartradisjonar.

Det var far til John Arne, som saman med tre brør fekk bygd M/S Nybakk. Den kravellbygde skøyta vart bygd ved Vaagland Båtbyggeri  i Kristiansund i 1961 som ei av dei siste fiskeskøytene i tre. Båtbyggeriet leverte fire slike båtar, men berre to eksisterer i dag. I tillegg til M/S Nybakk ligg det ein tilsvarande båt i Tjørvåg.

Båten vart berga frå kondemnering i 2007. Det er "M/S Nybakks venner" som eig båten og i samarbeid med Riksantikvaren er målet å tilbakeføre båten til den stand han var i i 1984.