Søndag inviterer Hjørungavåg Turlag på ei vandring langs Melshornlia i Hjørungavåg.

Turen startar frå Pilskogvegen før deltakarane tek av Øvstegardsråsa til Overå. Her passerer dei murar etter sommarfjøsar. Følgjet går deretter opp Ovraråsa og framover mot Liaråsa til Nerliskogane. Her går vandringa innom Bryggjene før dei tek turen tilbake til Pilskog og bilane.

- Vi kan også gå ei øvre linje opp mot Grøthornet, alt etter ynskje, ver og vind. I jakttida unngår vi «hjortetette strøk», opplyser turleiar Per Pilskog.

Han fortel at dette er ein familietur.

- Vermeldingane er fine, men kle deg godt. Ta på støvlar og fjellsko. Marka er tørr og fin og graset har lagt seg. Nokre plassar kan det  vere litt vått og glatt.  Det er ein grei tur utan vanskelige punkt. Tak gjerne med varm drikke og noko å bite i for ein matpause, oppmodar Pilskog.

Startplassen er i enden av Pilskogvegen. Kjem du frå Hareid til Hjørungavåg tek du av til høgre straks etter Rolls-Royce, beint opp heile Verkstadvegen, tak så av til venstre. Straks før høgste punktet på Bautevegen tek du til høgre opp Pilskogvegen.

- Turen søndag startar ein time før det vi i gamle dagar kalla middag, tipsar turleiaren.

Sjekk også www. aast.no for meir info.

- Alle er velkomne til å bli med. Lurer du på noko så ta kontakt med meg, seier Per Pilskog.

På vegen passerer ein restar etter gamle sommarfjøs. Foto: Per Pilskog