Kora som tok del var Hemingen, Con Moto, Ulstein kyrkjekor og Ulstein Mannskor. Repertoaret var sett saman av kjende og ikkje fullt så kjende juletonar. Den minst kjende av dei alle, i alle fall førebels, var nok "Ljose dagar". Den vart nemleg urframført av Hemingen og det er ein av koristane, Arild Torvund Olsen, som har skrive både tekst og melodi. Leiv Havåg heldt ei kort andakt der han snakka om alvoret og gleda i jula. "Fortapinga er den mørke bakgrunnen for at Jesus, frelsaren, er det evige lyset", sa han. Høgdepunktet under årets "Vi syng jula inn" var utan tvil Georg Friderich Händels hallelujakor som Con Moto og Ulstein kyrkjekor i fellesskap makta å gi den krafta dette fantastiske stykket krev. I alt var 286 personar samla i kyrkja denne søndagskvelden.
Kultur →
Song jula inn
Den tradisjonsrike "Vi syng jula inn"-konserten med lokale kor fylte, tradisjonen tru, Ulstein kyrkje.