Kultursjef i Ørsta Jostein Mo samlar på litt av kvart, også russeaviser. Den som samlar, kan fortelje historier ingen har høyrt. Éi slik historie brettar Mo ut i Aasen-tunet 18. mars. Kva er det med desse russeavisene? Har dei forandra seg med åra, dei også? Og kva ord kan brukast om språket dei fører? Vi stiller ut snadder og snop frå Jostein Mo si store samling og gir han ordet. Hege Bjørkedal og Jørn Johnsrud representerer årets russ i Volda og Ørsta. Skrivande ungdom Ungdom med skrivekløe får høve til å skrive saman med festspeldiktaren Erna Osland i vår. Ho er ein profilert barne- og ungdomsbokforfattar, som også har lang erfaring med det å skrive i lag med barn og unge. – Først ut er mange sjuandeklassar i Volda og Ørsta, som får besøk på klasserommet av Erna Osland i månadsskiftet februar-mars. Seinare i mars skipar vi til skriveverkstad for ungdom frå store delar av Sunnmøre i Aasen-tunet. Festspeldiktaren vil inspirere, rettleie og gi råd. Det blir spennande å sjå kva for tekstar som blir skrivne på denne skriveverkstaden, seier Åshild Widerøe. Kanskje blir nokre av desse tekstane framførte under Dei Nynorske Festspela. Boksamtalar og forfattarmøte Publikum får også i vår oppleve fleire forfattarmøte, først ute er ørstingen Arne Mo som kjem med den kritikarroste boka si, Vandraren, søndag 11. februar. Journalistane Arill Riise og Svein Aam har følgt forfattarskapen til Mo på nært hald og dei vil snakke både om og med forfattaren, og vise video. I samband med Veka 07 kjem Marit Eikemo til Rokken i Volda 17. februar, der ho skal lese frå boka si Mellom oss sagt. Boka handlar om utfordringane som møter ein når studietida er over, og kanskje studentane i Volda har gjort seg nokre tankar om det. Psykiater Hans Olav Tungesvik var i mange år ein av våre mest markante rikspolitikarar, han er også kjend som populariserande ”radiolege” i NRK. I fjor kom han med boka Når kreft gir kraft, og med boka som bakteppe held han foredrag om livskvalitet og livsglede i Aasen-tunet 11. mars. ”Ein engel går stilt” – i Eid kyrkje Berit Opheim haustar stadig strålande kritikkar og lovord for songen sin. No er ho klar med prosjektet ”Ein engel går stilt” i samarbeid med komponist Ståle Storløkken og forfattar Stein Versto. Saman med fire rutinerte jazzmusikarar er ho klar til å gi publikum gåsehud med vakre salmar og englesong. Konserten har urpremiere på Vossajazz i mars og kjem til Nordfjordeid 22. april. Nynorsk på kulturfestivalar Nynorsk kultursentrum inviterer også til arbeidsseminar om formidling av nynorsk litteratur på festivalar og litteraturdagar 27. og 28. mars. Seminaret ”Nynorske scener” skal leggje grunnlaget for endå betre litteratur- og kulturarrangement på nynorsk. Heile vårprogrammet i Ivar Aasen-tunet er å finne på www.aasentunet.no .