Arild Hoksnes har skrive bok om at han tek mykje feil. Foto: Odd Sørås/NRK

På boknatta i Ivar Aasen-tunet onsdag 3. november gir han publikum betre innsikt i Kunsten å ta feil på hans umiskjennelege humoristiske stil. Boknatta byd også på møte med forfattarane Lars Amund Vaage, Atle Berge, Ingvild Holvik, Hilde Myklebust og vokalgruppa Halv8. Fanny Holmin er programleiar for kvelden.

Det er menneskeleg å feile, og mange feil har blitt til strålande suksessar. Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei, skjule dei, og veit heller ikkje heilt korleis vi skal leve med dei. Arild Hoksnes snakkar ut ifrå erfaring, og fortel meir om korleis vi kan leve gode liv med alle feila våre.

Urovekkande om schizofreni

Lars Amund Vaage var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 2008. No kjem han tilbake til Aasen-tunet med ein roman som handlar om psykiatrisk behandling på 1950-talet, sett frå den sjuke si side. – Den store utfordringa med Skuggen og dronninga, var å prøve å sjå verda gjennom den schizofrene sine auge, seier Vaage til Dagbladet. Denne gripande romanen har sterke kjensler og stor innlevingskraft, og fleire meiner det er den beste han har skrive.

Du får møte to debutantar på boknatta. Ingvild Holvik har skrive ein debutroman som gnistrar som eit faresignal på ei høgspentmast, i følgje Tom Egil Hverven. – Lykkefeltet gir den type innsikt bare virkelig god litteratur kan gi. (...) Mest imponerende med Ingvild Holviks debutroman er presisjonen i språket. Hvert ord virker velplassert innenfor en tett, trist og fin handling, skriv Hverven i Klassekampen.

Munter undergang

I Atle Berge sin debutroman Muntergang, møter vi Pål Stordalen som er mistenkt for å meine at livet er latterleg. Berge har skrive ei munter bok om kjærleik og undergang, med ei tydeleg samfunnssatirisk slagside. – Atle Berge skriver tett og konsentrert i en prosa som krever å bli lest, også for sin egen skyld. Resultatet er ofte helt ubetalelige replikkvekslinger og overraskende beskrivelser, seier bokmeldar Leif Ekle i NRK.

På boknatta møter du også vokalgruppa Halv8 og forfattaren Hilde Myklebust som skal vere med og snakke om lyrikk. Halv8 er sett saman av ti songarar frå Søre Sunnmøre med mange års korerfaring. Denne kvelden presenterer vokalgruppa første del av prosjektet Jazz på nynorsk, med nyskrivne tekstar av Hilde Myklebust.

Boknatta fangar med andre ord mykje av mangfaldet i bokhausten. Dette er det litterære høgdepunktet på haustprogrammet i Aasen-tunet og eit godt høve til å oppdage og oppleve ny litteratur.

Lars Amund Vaage er ein av forfattarane som kjem til Aasentunet på boknatta 3. november. Foto: Torunn Nilsen/Oktober