Timbuktu filmklubb vart stifta i november 2005. Sidan då har filklubben hatt mange filmframsyningar i Adolfbuda i Gjerdsvika. På eit to gonger to meter stort lerret syner dei både barnefilmar og vaksenfilmar. Dei har sett opp alt frå Gjøkeredet, til Lange flate ballær og Pitbullterje. No har filmklubben lyst å arrangere ein eigen liten filmfestival. Sundag 18. mars har dei planar om å vise eit par spelefilmar. Elles kan dei by på overraskingar. Vel møtt!

Timbuktu filmklubb arbeidet med å få til ein filmfestival på Adolfbuda i Gjerdsvika. Lengst bak: Mathias Gjerde. I midten: Geir Stormbringer og Arne Blø. Lengst fremme: Hege Stormbringer.