Timbuktu filmklubb ber inn til filmfest førstkomande sundag. Dei vil syne ein barnefilm og to vaksenfilmar. Dei startar filmfesten med den franske teiknefilmen "Kirikou og villdyra". Ein del born har frå før sett den første filmen om vesle Kirikou, "Kirikou og trollkvinna", så filmklubben går rett på toaren. Denne filmen tek for seg noko av det Kirikou opplevde før han møtte trollkvinna. Filmen skal vere fullt mogleg å sjå òg for dei som ikkje har sett første filmen.

Filmnoir

Filmnoiren byrjar med den franske filmen "De fortapte barns by" av Jean-Pierre Jeunet og Marc Caro. Jeunet er yndlingsregissøren til styret i filmklubben. Dei har tidlegare syna filmen "Delikatessen" som han har regissert. Elles er dei veldig glade i "Den fabelaktige Amelie frå Montmartre". Men den filmen har vore synt så mykje på fjernsyn i det siste, at dei heller valde å setje opp ein mindre kjent film frå same regissøren. Hege Stormbringer fortel at dei som har sett "Delikatessen" kan kjenne att fleire at karakterane derifrå i "De fortapte barns by." Filmfesten blir avslutta med den nydelege italienske filmen "Il Postino", eller "Postmannen." Hovudrolleinnhavaren, Massimo Troisi, er ein markant skodespelar i italiensk film. Troisi døydde under filminnspelinga, så dette er siste filmen han spelte i. Filmen fortel ei flott historie i vakre omgjevnader.

Ost, kjeks og bøker

Mellom vaksenfilmane kan filmgjengarane kose seg med ost og kjeks på Adolfbuda. Denne kvelden vil det bli lagt fram nokre skjønnlitterære bøker frå biblioteket, som folk kan låne med seg heim att. Såleis kan dei sikre seg påskelektyren ved å gå på filmklubben. Timbuktu filmklubb syner film med om lag tre vekers mellomrom. Den neste filmen over påske er den varme og fine filmen "Volver - å vende tilbake" av Pedro Almadovar. Den spanske filmen har Penélope Cruz i hovudrolla. Cruz vann Oscar for innsatsen sin i denne filmen. Filmen har òg hausta tre Goyaprisar.

Filmfest i Gjerdsvika. Øvst i trappa sit Mathias Gjerde. Neste rad sit Geir Stormbringer og Arne Blø. Fremst sit Hege Stormbringer.