For fjerde gong arrangerer gjerdsvikarane Vindròsa, kulturdagane som innleiar sommaren. Festivalen er helga 5. til 7. juni, hovudsakleg på Adolfbuda. Årets festival er prega av at 2009 er utnemnt til Kulturminneåret. Det markerer dei med ei utstilling av kvardagens kulturminne og ein kulturminnestafett. Gjennom visesong, kåseri og sketsjar, framført av yngre og eldre gjerdsvikarar, innflyttarar, utflyttarar og utanbygdes folk, vil dei få fram noko av den rike kulturarven i bygda. På Adolfbuda blir det utstillinga av små og store kulturminne frå Gjerdsvika. Husmorlaget stiller med smakebitar på gjerdsviksk tradisjonsmat. Hot Rod Laurdagen blir det utstilling med amerikanske gatebilar utanfor Adolfbuda. Geir Stormbringer skal kåsere om hot rod-bilar. Talentiade Laurdag ettermiddag blir det eigen talentiade for unge talent. Ungdom i alderen 10-20 år får opptre med musikk eller skodespel. Ein kvalifisert jury vil peike ut tre vinnarar. Dei lovar å ikkje pipe ut nokon. Komikarar frå Oslo Laurdagskvelden blir det heilaftan på Adolfbuda. Kvelden opnar med konsert med bygda si eiga popstjerne, Johnny Hide i Number Seven Deli. Vindròsa har tradisjon for å få komikarar til å kome og opne latterdørene. Tidlegare har Are Kalvø, Møre Banan og Terje Sporsem opptredd. Denne gongen kjem Dag Sørås og Magne Jørgensen. Dei to har vunne Komiprisen to gonger og er høgt rosa komikarar frå Latter i Oslo. Etterpå blir det dans med dei lokale heltane Jogeir Haanes og Jonny Leikanger. Elles kan kulturdagane by på både god mat og barneteater. Leiar i Gjerdsvika kulturlag, Veronika Bonaa, ønskjer alle velkomen til Gjerdsvika denne helga. - Me gler oss til å underhalde deg, lokkar Bonaa.

Komiprisvinnaren Dag Sørås skal sørgje for å få fram latteren hjå dei frammøtte.