Kultur →
CD-lansering i Aasen-tunet med spenstig folkemusikkduo
Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung utgjer ein av dei mest spennande folkemusikkduoane i Noreg i dag. Med eit utgangspunkt i vestnorsk slåttemusikk har dei saman klart å skape eit moderne og leikent musikalsk uttrykk med spenstige arrangement og harmoniar. Laurdag 5. desember har dei lanseringskonsert i Ivar Aasen-tunet for CD-en EINS.