Krinskoret er eit tiltak for gutar og jenter i alderen frå 10. klasse og oppover. Koret vart starta i 2008 på initiativ frå ein gjeng frå Hareid og Ulstein. Koret har medlemer frå heile fylket, men dei aller fleste kjem frå Sunnmøre. Under øvingshelga på Hareid overnattar dei tilsaman 44 deltakarane på bedehuset. Dei starta øvingshelga fredag - og avsluttar i løpet av søndagen. Då skal dei ha meir eller mindre i boks dei fire songane som dei skal framføre under vintertreffet, opplyser Pål André Grimstad Worren frå øvingshelgvertskommunen Hareid.
Kultur →
Krinskoret har øvingshelg på Hareid
Krinskoret i KFUK/M i Møre og Romsdal har øvingshelg på Hareid denne helga med tanke på framføringar under Vintertreffet i Ålesund om to veker.