Måndag var det klart for kombinasjonen strikkekafé og intimkonsert på kafeen Josefine i Kjøpmannsgata på Hareid. Og at kombinasjonen var freistande var det ingen tvil om, for då Britt Aasen frå Rauma Ullvarefabrikk skulle byrje presentasjonen av strikk og garn var det verken ledige sete eller særleg med ledig plass i lokalet.

- Eg trur dei har henta alle stolane frå Tråd kråa, og alle frå kyrkjekontoret, fortalde Anna Josefine Jønsson.

Etter at modellane hadde fått vist seg fram på kafégolvet og dei som vart inspirerte hadde fått kjøpt med seg meir tråd, var det klart for intimkonsert på Josefine. Kaféinnehavar Anna Josefine hadde med seg søskjenparet Simon og Sofie Gjerde Tonev til ei flott musikalsk avslutning av kvelden.