Det er ikkje kvart år tilskiparane av den tradisjonsrike friluftsgudstenesta på Ulstein gamle kyrkjegard er så heldige med veret som dei var i år. Kraftige regnbyger herja i området tidlegare på dagen, men då gudstenesta starta var det opplett. Omlag 150 personar hadde funne vegen til den gamle kyrkjestaden på Ulstein. I samband med årets friluftsgudsteneste markerte Ulstein kyrkjelyd at dei har blitt ein grøn kyrkjelyd. Dette inneber at kyrkjelyden forpliktar seg til å innrette seg etter 25 punkt som omhandlar miljøvern og sosial rettferd. Etter gudstenesta vart det servert økologiske epler og appelsiner, det var sporløp og folk hygga seg elles med medbragt niste.