- Det var heilt fantastisk å spele i kyrkja. Klangen er så spesiell her, sa far og dotter – Kjell og Ann Katrin Barstad, etter konserten. Begge to er faste medmusikantar i Ulf.
Høg kvalitet
Repertoaret var variert og spennande, samstundes som arrangementa i stor grad var tilpassa kyrkjekonsert-konseptet. Musikklaget Ulf – under leiing av Jette Degn – evnar å skape varierte og dynamiske uttrykk, såvel som klengande, flotte lydbilde. Eit av stykka som skilde seg ut var ”Madurodam” av Johan de Meij. Stykket er storslått, med sin eigen, spesielle dramaturgi, der korpset i dobbel forstand må vere med på notane. Ambisiøst og krevande – lista var lagt høgt her – men ulsteinkorpset leverte på ein fantastisk flott måte. Underteikna er ingen hardbarka entusiast innanfor denne musikksjangeren, men dette var ei framføring eg seint vil gløyme.
Flinke solistar
Solistane leverte gode prestasjonar. Ingrid og Bjørn Skodjevåg (bariton) var solistar på ”Only One Glimpse”. Ann Katrin Barstad var solist på sopransax og altsax på høvesvis ”Gammel Feborsalme från Dalarne” og ”Ved Nesland Kyrkje”, medan Tommy Pettersen og Terje Eiken stod fram på trompet – høvesvis på nummera ”Evening Song” og ”Vitae Lux”. Konserten byrja med den sistnemnde – som er ein nydeleg komposisjon av kristiansundaren Frode Alnes.
Dacapo
Den gamle, vakre julesalmen ”Mitt hjerte alltid vanker” ville ha vorte eit nydeleg og fredfullt avslutningsnummer på denne framifrå flotte kyrkjekonserten, men publikum ville rett og slett ha meir. Applausen ville ingen ende ta. Verken Ulf eller dirigent Jette Degn såg ut til å ha rekna med dette, og dei måtte på sparket bestemme seg for eit dacapo-nummer. Etter at Degn hadde takka publikum for frammøtet, med tilhøyrande nyttårshelsing, fekk vi høyre ”Coral and Fuge” på nytt – minst like kraftfullt og vakkert som første gongen. Publikum reiste seg frå stolane og gav ståande applaus til dirigenten og musikklaget – djupt takknemlege for den særs flotte nyttårskonserten dei hadde levert.
Repertoaret til Musikklaget Ulf sin nyttårskonsert
Vitae Lux (komponist: Frode Alnes) Visa vid Vindens Ånger (komponist: Mats Paulssen) Jupiter Hymn (komponist: Gustav Holst) Only One Glimpse (komponist: Agathe Backer Grøndal) Gammel Feborsalme från Dalarne (komponist: Christer Johannesen) Madurodam (komponist: Johan de Meij) Tir N’a Noir (komponist: Øyvind Staveland) Air (komponist: J. S. Bach) Ved Nesland Kyrkje (komponist: Henrik Lyssand) Evening Song (komponist: C. C. Scholefield) Coral and Fuge (komponist: J. S. Bach) Mitt hjerte alltid vanker (gammal julesalme)