Det er fire klasser, med totalt 80 elevar som har vore involvert i bokprosjektet. Boka heiter "Dikt og novellebok frå Hjørungavåg skule".

Sjølvlaga

Det er elevane sjølve som har teikna og skrive alt innhaldet i boka, fortel Kirsten Nordmo som har hatt ansvaret for å koordinere prosjektet. Skulen har fått støtte frå kulturmidlane til bokprosjektet, og den vert berre seld til elevar ved skulen i fyrste omgang. Skulebibliotek ved nærliggjande skular har òg sikra seg eit eksemplar kvar av boka. Boka er trykt opp i 150 eksemplar, og eg trur vi får rekneskapen i balanse når alle bøkene er selde, fortel Nordmo vidare. Ho legg til at det har vore eit tidkrevjande prosjekt. Frå vi byrja førebuingane, og til boka var ferdig gjekk det om lag to månader, rekna ho seg fram til. Skulen hadde besøk av forfattaren Marit Kaldhol som innleiing til prosjektet. Ho las utdrag frå sine eigne bøker og fortalde korleis det er å vere forfattar. I tillegg fekk ungane ei grunnleggjande opplæring innan diktskriving før dei gjekk i gang med å produsere stoff til boka.

Flott produkt

Kvifor valde de akkurat 5.-7. klasse? Vi tenkte at då var ungane såpass store at prosjektet var gjennomførbart. Vi måtte sjølvsagt tenkje på det ferdige produktet også, at det skulle vere lesarvennleg, forklarar lærarstaben som har jobba med bokprosjektet. Dei må alle seie seg positivt overraska over den ferdige boka. Boka er betre enn forventa, den er kjempeflott, skryt dei og legg til at elevane har grunn til å vere stolte over arbeidet dei har lagt ned. Elevane nikkar samtykkjande, og fortel at dei syntest det var veldig kjekt å prøve seg som forfattarar. I utgangspunktet fekk kvar elev ei side til rådvelde, som dei kunne fylle med dikt eller historier. Enkelte gjekk saman i grupper og skreiv lengre forteljingar.

Ei stund til neste bok

Målet var at boka skulle vere klar til jul, men det rakk dei ikkje. Skulen fekk boka frå trykkeriet for om lag to veker sidan. Sjølv om lærarane er nøgde med resultatet, trur dei at det blir ei stund til neste bokprosjekt. Det er veldig tidkrevjande, og går litt på kostnad av andre ting elevane må lære, forklarar dei. Men når dette 5.-klassekullet går ut frå skulen om nokre år trur dei det er sannsynleg at dei vil prøve igjen.

Slik ser boka til elevane ved Hjørungavåg skule ut. All tekst og alle illustrasjonar er det elevane sjølve som har laga.
Stolte elevar som gjerne viser fram boka dei har vore med på å lage. F.v. Marie Nesset Hovlid (11), Nancy Rise Lilleseter (11), Kathrine Paulsen (13), Kristoffer Aasen Riise (11), Kristian Elvebu (13), Kevin Øvrelid (12), Vilde Andersen (11) og Mathea Arnesen (11).