Aina Moldskred Krakset ysnkejr på vegner av Hakallegarden velkomen til gards førstkomande helg.
Kortreiste godbitar
På programmet har dei ein liten juleverkstad for borna på laurdag, medan dei sundag får besøk av ein fjøsnisse og ein hovslagar.
- Butikken bugnar av flotte gåvetips til liten og stor. HakalleBerte har med seg ein julekalendar med overraskingar for dei vaksne som handlar i butikken, fortel Moldskred Krakset.
Kafèen og lavvoen freistar som vanleg med kortreiste godbitar.
Hest- og lamaturar
Fjordingen Lilja har julebjellene på og køyrer turar med vogna så snart føret tillet det.
LamaLillian har også hatt lyst på tur ei stund. Og om får nissen tid, så kan det vere at ungane kan få vere med å leie Lillian.
Kven veit kva HakalleNissen kan finne på?
Hakallegarden ynskjer likvel alle hjarteleg velkomen.