Til stor jubel frå borna laga Øistein Kristiansen, betre kjent som Øisteins blyant på Barne-TV, ellevilt blyantshow i ettermiddag på Amfi Ulsteinvik.

Han kom høglytt inn i kjent stil, og borna var med frå første sekund. Dei flokka seg framfor scenen og hyla "eg vil ha" når han gav vekk teikningar.  Nokre born fekk kome opp på scenen med han og teikna krusedullar som han omgjorde til dyreteikningar.

Dei som følgde med kunne plukke opp nokre gode teiknetips frå teiknaren. Han teikna på store ark, medan han forklarte kva han gjorde. Tre like rundingar vart til tre heilt forskjellige dyr. Når han var ferdig reiv han av dei store arka og laga nye teikningar. Etter showet fekk borna som ville stille seg i ei lang kø for å bli fotografert med helten og få autografen. Det var det ikkje få born som ville.

Øistein hadde to slike show på kjøpesenteret torsdag ettermiddag.