Det skjedde i høve kulturskulens sommarkonsert i Reitensalen. 100 kulturtalent frå Norge får eit draumestipend kvart år. Og Joakim er den første frå Ulsteinvik som får dette stipendet på mange år. Han får 10 000 kroner til å utvikle talentet sitt vidare.

- Dette er kjempekjekt. Eg må innrømme at eg er litt overraska, seier Joakim til Vikebladet Vestposten etter seansen i Reitensalen.

- Kva skal du bruke pengane til?

- Eg vil reise til Trondheim og Oslo for å lære frå andre lærarar, seier Joakim.

Som presiserer at kulturskulen i Ulsteinvik har mange flinke lærarar dei også.

- Utan dei hadde eg ikkje kome så langt, meiner Joakim Nygård Jørve.

Det er instrumenta trekkspel og kornett han satsar mest på. Joakim blir hyra inn som solist i mange samanhengar. Han er også med i Haddal skulekorps.

Les meir i laurdagsnummeret av Vikebladet Vestposten.