Dagfinn Hovden, Stig J. Helset og Helge J. Standal presenterer boka Tindekliv om klatrehistoria på Sunnmøre. Deretter får vi sjå og høyre frå boka Sjå Søre Sunnmøre av Gunnar Wangen og Helge J. Standal. Her handlar det også om fjell, men i tillegg får ein smakebitar av den delen av Sunnmørsnaturen som ligg fjord- og havnært.
Tindekliv
Klatrehistoria på Sunnmøre er endeleg komen i bokform. Etter fleire års samarbeid med ein av tindepionerane i området, Dagfinn Hovden (f.1924), presenterer Iriss forlag i boka Tindekliv alt frå alpine fjellskrøner til ei mengd historiske klatrebilete. Hovden fortel om dei første turane på dei mest markerte fjelltoppane på Sunnmøre. Vi får høyre om engelskmennene sine framstøytar mot sunnmørske tindar på 1800-talet, men også om tindepionerar frå hans eigen generasjon, Arne Randers Heen og dei lokale tindeklubbmedlemane Hallkjell Buset, Peder Sørheim og Olav Helset.
Folkelivet og levekåra i Sunnmørsfjordane på den tida er levande skildra, sett med utanlandske auge. For å gjere tindesoga mest mogleg komplett har Stig J. Helset og Helge J. Standal smett inn klatreepistlar frå nyare tid i stoffet til Hovden.
Sjå Søre Sunnmøre
Praktboka Sjå Søre Sunnmøre viser landsdelen i alle vinklar og variantar frå mikroskopiske paddeegg til vitale tettstadar og snøkledde Sunnmørsalpar. Naturfotograf Gunnar Wangen trollbind publikum med detaljar, lyssetting og linjeføring i eit veldig fargespekter med motiv frå fjell, fjord og fjøre. Teksten spenner frå lette skildringar til detaljerte fakta. Boka viser dei beste blinkskota frå kameraet til Gunnar Wangen siste tiåret og Helge Standal og Kjell Ivar Øye supplerer med eigne foto.
Arrangementa er gratis, og som vanleg byr kafeen på nysteikte vaflar og anna godt, og butikken er full av gode julegåveidear for små og store.