Skataren Henning Braaten både rulla og hoppa rundt på Kulturalmenningen fredag ettermiddag. Den snart 33 år gamle idrettsutøvaren er heiltidsskatar og lever av trikse på brettet sitt.

Saman med andre kjende skatarar reiser han rundt om i Noreg for å lage show og inspirere ungdomar gjennom sin eigen skateskule.

Bell-arrangement

Ungdomsarbeidar Marie Flatin var ganske nøgd med at Ulstein kommune hadde fått Braaten til Ulsteinvik.

- Det er vel om lag 20 ungdommar i alderen 10-15 år her. Dette er eit arrangement i regi av Bell ungdomsklubb, i samarbeid med kulturkontoret i kommunen. I tillegg har vi fått god hjelp frå ungdomsrådet som har bidrege med økonomiske midlar, fortalde Flatin medan showet heldt på.

Profesjonell rettleiing

Braaten har vunne NM i skating heile fire gongar, og er regjerande noregsmeister i Old Boys-klassen. Når showet var over fekk dei frammøtte moglegheita til å lære av den meritterte utøvaren.

- Ettersom dette er ein skateskule så vil ungdomane få rettleiing av både Braaten og medskataren hans etter showet. Det er vel sett av eit par timar til det, utdjupar Flatin.