Dei nynorske festspela lovar heftige debattar, sterk litteratur og gode samtalar i Ivar Aasen-tunet mellom 26. – 29. juni.

Temaet for festspela er «Makt» og årets festspeldiktar er forfattar og skribent Agnes Ravatn. Det er tydelegvis ein kombinasjon som slår an.

– For første gong i historia er vi heilt utselde for festspelpass, så det er ingen tvil om at programmet er godt, seier Laila Walseth Lid i Ivar Aasen-tunet.

Av enkeltbillettar er opningsarrangementet allereie utselt, og dei som vil høyre Linda Eide snakke seg gjennom 200 år på to timar må skunde seg for å kapre dei siste ståplassane.

– Vi har eit aktuelt tema og eit godt program. Den samla pakken gjer at mange vel å bruke helga i Ørsta og Volda, både tilreisande og lokale, fortel Lid.

Frå bar til gudsteneste

Programpostane spenner frå Målbar på Møre Folkehøgskule til friluftsgudsteneste i Ivar Aasen-tunet. Festspela tek altså sikte på å fylle dei fleste behov.

Det kan ligge an til debatt når Jon Hustad, Hilde Sandvik og Jan Inge Sørbø skal snakke med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn rundt temaet «Kven bestemmer kva som er norsk?». Samtalar om alt frå språkleg fridom, digital makt, kvifor dikting er viktig og Arne Garborg som religionskritikar står også på programmet.

Fredagen skal politisk journalist Ingunn Solheim i NRK få utdelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

Ivar Aasen-tunet byr også på noko for den kunstinteresserte og har invitert Ørnulf Opdahl til å vere festspelutstillar. Utstillinga vil stå i Aasen-tunet utover sommaren, og er gratis under festspela. Opdahl er kjent langt utover landegrensene for tolkingane sine av den mektige vestlandsnaturen

Unik Nordstoga-konsert

Årets nynorskbrukarar 2014, Aasmund og Odd Nordstoga, skal bidra på fleire arrangement, mellom anna i ein samtale med forfattar Maria Parr. Opningstorsdagen held Nordstoga-brørne konsert i uteamfiet på Ivar Aasen-tunet.

– Vi har stått på same scene mange gonger før, men ikkje med våre eigne respektive repertoar å spele frå. Slik sett blir dette ei heilt ny oppleving både for oss og publikum, seier Odd Nordstoga til festspelavisa.

Laurdagskvelden er det Bodø-bandet Kråkesølv som skal stå for tonane i uteamfiet.

Også det siste arrangement under Festspela går før seg under open himmel. Då skal fleire aktørar framføre musikk til dikt av den avdøde lyrikaren, munken og samfunnsdebattanten Arnfinn Haram i uteamfiet.