Der er drakar det skal handle om på barnebokstunda på Ulstein bibliotek i morgon, laurdag 14. november.

Det er tidlegare biblioteksjef Ann-Mari Harkjerr som no tek turen tilbake til biblioteket. Med seg har ho ei bok om den underlege draken.

– Eg vil lese frå denne boka, og samstundes vil vi syne fram illustrasjonane på storskjerm, fortel Harkjerr som gjekk av som biblioteksjef i vår.

– Det vert kjekt å kome tilbake til biblioteket. Formidling er noko eg synest er veldig kjekt seier ho.

I tillegg til å fortelje om drakar, vil ho også presentere fleire aktuelle nynorske barnebøker. Barnebokstunda høver i utgangspunktet for born frå 4-5 år og oppover, men kanskje vil yngre born også ha glede av dei flotte illustrasjonane.

Det er Ulstein mållag som står som tilskipar av arrangementet, i samarbeid med Ulstein folkebibliotek.