Dance with a Stranger sjarmerte Ulsteinvik. Sjå stor bildeserie:

Spelte til trampeklapp på Kulturalmenningen

Musikk

Øyvind "Elg" Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen og fleire andre dyktige musikarar dannar til saman dagens versjon av Dance with a Stranger - og laurdag var det populære bandet på plass i Ulsteinvik - nærmare bestemt på Kulturalmenningen. Dei rundt 500 publikummarane storkosa seg, og DWS-gjengen spelte sine kjende og kjære klassikarar - i tillegg til mykje spanande frå ei karriere som strekk seg over tre tiår.