Her har vi samla svara på dei mest vanlege spørsmåla. Om du ikkje finn svar på ditt spørsmål, ta gjerne kontakt med kundeservice på e-post: annonse@vikebladet.no eller tlf. 70 01 85 00.
Kva vil det seie at ein annonse er visningsbasert?
Kjøper du ein visningsbasert annonse vil det seie at du får eit forhåndsdefinert tal annonsevisningar innan ein gitt tidsperiode. Du har moglegheit til å velje kor mange gonger ein annonse skal visast per unike bruker (IP-adresse) og kordan du fordeler visningar i løpet av døgnet/veka. Ein kan til dømes kjøpe 250 000 visningar over ein periode på ei veke. Annonsesystemet vil då syte for at du får riktig tal annonsevisningar fordelt utover veka på ein hensiktsmessig måte. Ein kan kjøpe visningsbaserte annonser i fleire ulike annonseformat. Annonsen kan visast gjennom heile nettstaden (såkalt run of site) eller kun på bestemte seksjonar, som til dømes nyheiter, sport eller økonomi etter avtalte.
Kor mange visningar bør eg kjøpe for å ha merkbart "trykk" på vikebladet.no?
Det avhenger av fleire faktorer. Skal din annonse vere profilerande eller salsutløysande? Ønskjer du å vere tilstades over kort eller lang tid? Er du ute etter brei dekning eller ei smalere målgruppe? Krev kampanjen eit høgt trykk (høg frekvens)? Kontakt gjerne din faste konsulent eller kundeservice på tlf. 70 01 85 00 for rådgjeving for din kampanje.
Eg har kjøpt ein visningsbasert kampanje, men finn ikkje annonsen min på vikebladet.no. Kvar er den?
Kjøper du ein visningsbasert kampanje vil det seie at du får eit gitt tal annonsevisningar på ønskte seksjonar innanfor ein gitt tidsperiode. Det vil vere andre visningsbaserte kampanjar som går parallelt med din, og kor ofte din annonse visast avheng av kor mange visningar du har kjøpt og av valt kampanjeperiode. Eksempelvis vil ein kampanje på 80 000 visningar på vikebladet.no visast dobbelt så ofte som ein kampanje på 40 000 visningar gitt at kampanjeperiodane er like lange. Dersom kampanjen på 80 000 visningar har ein betydeleg lenger kampanjeperiode enn den på 40 000 visningar vil visningane på førstnemnde kampanje verte spreidd i heile kampanjeperioden og dermed ikkje lenger visast dobbelt så ofte som kampanjen med 40 000 visningar.
Kvar og når skal eg sende materiellet til nettannonseringa?
Publiseringsklare nettannonsar sendast til annonse@vikebladet.no. Hugs å gi beskjed om kven kunden er, når annonsen skal publiserast og kvar annonsen skal lenkast til i e-posten.
Gjeldande fristar:
Mottak av ferdigmateriell (publiseringsklart annonsemateriell) er seniast kl. 11.00 dagen før innrykk
Kvar finn eg oppdatert prisliste og annonsekart?
For prisar og annan kundeorientert informasjon sjå våre kundeservicesider på http://vikebladet.no/kundeservice
Korleis bør ein nettannonse se ut for å få høgast mogleg oppmerksemd?
Less is more! Få med det viktigaste. Ikkje prøv å fortel meir enn du har plass til.
Det som er avgjerande for annonseoppmerksemd er relevansen for lesaren, og om lesaren raskt oppfattar kva det vert annonsert for og kven som er avsendar.
- Overdreven bruk av både bevegelse og fargar i nettannonsar kan verke mot si hensikt.
- Tydeleg bodskap og avsenderidentitet er viktig.
- Avsenderen sin logo bør alltid vere synleg, sjøv om annonsen består av fleire skiftande bilde.
- Hugs å bruke godt med luft i annonsane og begrens tekstinnhald då folk har dårlig tid. På nettannonsar bruker ein lesar i snitt eit halvt sekund på å vurdere om ein annonse har ein relevant bodskap.
- Sjekk om du får formidla det du vil seie på denne korte tida!
Annonsen eg har kjøpt er ein fast prisa annonseplass. Kva betyr det?
Det vil seie at du får alle annonsevisningane som vikebladet.no generer på ein gitt plassering i eit gitt tidsrom.
Kva er CPT?
CPT står for Cost Per Thousand, og er ein vanleg måleining brukt for internettannonsering. CPT er prisen for å vise annonsen til 1 000 unike brukarar (IP-adresser), og reknast ut ved å dividere annonseprisen på unike brukarar, og gange kvotienten (resultatet) med 1 000
Kva er ein klikkrate?
Ein klikkrate (ofte kalt CTR for Click Trough Rate) er ein måte å måle effekten av bannerannonser på. Klikkraten finn ein ved å dividere tal klikk annonsen genererer på tal visningar annonsen har hatt. Eksempelvis kan ein seie at ein annonse som har hatt 100 000 visningar og 200 klikk har ein klikkrate på 0.002 eller 0,2 %.
Kva er ein god klikkrate?
Det avheng av kva seksjonar du annonserer på, kva annonseplassering, kva bransje du er i og om annonsen er klikkoppfordrande eller informerande. Det er vanskeleg å gi eit nøyaktig svar på kva ein god klikkrate er. Snakk derfor med din faste konsulent eller kundeservice på telefon 70 04 19 00. Dei kan gi deg ein analyse på om din annonse scorar bra i høve til seksjon, størrelse, plassering og bransje
Kan eg tidsstyre annonsar?
Ja. Det kan gjerast på visningsbaserte kampanjar. Annonsestyringssystemet vårt kan porsjonere ut visningane på gitte klokkeslett på dagen. Har butikken din til dømes eit lunsjtilbod, kan du velje å bruke visningane mellom kl. 09.00 og 12.00 for å nå brukarane når dei er i ”lunsjmodus”. Det gjer at du når dei riktige menneska til riktig tid – i riktig modus!
Kva er god effekt på nett?
Det er eit svært godt spørsmål som er utfordrande å svare konkret på. Det er mange faktorer som påverkar effekten på nett. Tid dømes kan effekten avhenge av om ditt merkenavn er kjend, plassering av annonsen, størrelse på annonsen, kampanjens lengd, bodskapet i annonsen og ikkje minst kampanjens målsetting. Vi anbefaler deg å kontakte din faste konsulent i Vikebladet, eller kundeservice på telefon 70 04 19 00. Dei kan gi deg ein analyse på om din kampanje har scoret bra i forhold til annonsestørrelse, plassering og bransje ut i fra vår historikk.
Flyttar nettannonsar varer?
Ja. Som regel anbefaler vi ein kombinasjon av annonsering på vikebladet.no med for eksempel ein annonse i Vikebladet for breiast mogleg dekning, høgast mogleg frekvens og dertil størst mogleg effekt.
Kan eg bruke ein avisannonse på nett?
Vi anbefaler å tilpasse alle annonser til dei medium dei skal publiserast i.
Kan Vikebladet produsere annonsemateriell for meg?
Ja, vi har erfarne grafikarar som produserer annonser til alle mediekanalene våre og ei kreativ gruppe som kan hjelpe til med konseptutvikling for enkeltkampanjar eller nye merkevarer frå idé til ferdig annonse.
Korleis er annonseformata på vikebladet.no prisa?
Vår prismodell reflekterer trafikknivået, statistisk klikkrate og etterspørsel etter bestemte plasseringar. Generelt kan vi seie at store og dominerande annonseformat langt opp på sida ligg høgare i pris enn mindre annonseformat lenger ned på sida. Prisen avheng også av om du kjøper fleire annonseformat til same kampanje.
Eg annonserer vanlegvis i avis. Kor mange fleire lesarar når eg dersom eg brukar vikebladet.no også?
Du når mange fleire ved å annonsere på vikebladet.no i tillegg til Vikebladet. Du får gevinsten av frekvens ved å gjenta bodskapet til lesarar i begge mediekanalene.
Ta kontakt med din faste konsulent i Vikebladet eller kundeservice på telefon 70 01 85 00 eller annonse@vikebladet.no for eit tilbod.
Kva er ein unik brukar?
Unike brukarar er ein målevaluta som viser tal brukarar (IP-adresse) som har besøkt vikebladet.no minst ein gong i ein gitt periode. Ein IP-adresse er identiteten til til dømes pc’en du brukar. Det er viktig å vere klar over at ein unik brukar kan reflektere ein enkelt pc som vert brukt av fleire personar. Samtidig kan ein og same person nytte flere IP-adresser i løpet av ein dag og dermed telle som fleire unike brukarar. Dette skjer ved til dømes å besøke vikebladet.no med jobb-pc’en, privat-pc’en og mobiltelefonen på same dag. Då vil denne enkeltpersonen bli talt som tre unike brukarar.
Kva er sidevisningar?
Sidevisningar er tal websider som er blitt vist fram (fullstendig nedlasta) innan ein gitt periode. Eksempelvis vil ein brukar av vikebladet.no, som først ser på forsida av vikebladet.no, for så å klikke på ein artikkel som leier brukaren inn på nyhetsseksjonen til vikebladet.no, ha generert to sidevisningar. 1 sidevisning på forsida av vikebladet.no og 1 sidevisning på artikkelsida.
Kva er ein annonsevisning?
Annonsevisningar er talet gongar ein annonse blir vist til ein brukar. Det genererast ein visning kvar gong ei side vert lasta. Eksempelvis vil du få ein visning når ein brukar klikker på ein redaksjonell artikkel på forsida av vikebladet.no. Brukeren blir då ruta inn til nyhetsseksjonen der annonsen din ligg. Når du kjøper ein visningsbasert annonseplass vil annonsesystemet sørge for at du får riktig tal visningar.
Bør eg produsere annonsar i Flash eller ikkje?
Ein bør tenke seg om når ein brukar Flash i ein annonse. Er det nødvendig å bruke Flash, eller får ein fram bodskapet på ein betre måte ved å bruke ein annonse som står stille? Dette er noko ein må avgjere i kvart enkelt tilfelle. Vår erfaring er at ein bør unngå Flash hvis ein ikkje har ein tanke bak det. Stilleståande annonser har statistisk like god oppmerksemd som annonser med bevegelige element
Kva bør nettannonsen lenkast til?
Nettannonsen bør lenkast til ein side med relevant informasjon. Dette kan eksempelvis vere bedriften si heimeside eller ei kampanjeside. Her bør det uansett ligge utfyllande informasjon om kampanjen og beskjed om kva forbrukaren skal gjere for å få kjøpt produktet eller tjenesta.