Alle instansar er samde om at trafikksituasjonen i og rundt Kvalnestunnelen ikkje er god. Likevel er det ingen ting som tyder på at det vert gjort store tiltak for å betre situasjonen, i alle fall ikkje på kort sikt.

Du har truleg køyrt gjennom denne tunnelen i 80-sona på fylkesveg 61 i Ulstein kommune. Han er berre 166 meter lang og er unnagjort på få sekund. Tunnelen ligg i ein sving, har mykje tungtrafikk og er uoversiktleg.

Denne veka var vegvesenet på synfaring. Initiativet kom frå ein privatperson, som fekk auga opp for kor farleg denne tunnelen er, etter at to av hans næraste var involverte i ei trafikkulukke i sommar. Også sjefen for knuseverket på Kvalneset var med, han fortalde at det i snitt køyrer femti lastebilar av og på fylkesvegen kvar einaste dag.

Vegvesenet gav si fulle støtte: trafikksituasjonen rundt og i denne tunnelen er slett ikkje bra. Overingeniør Elisabeth Mansfield skal ha ros for at ho kom og lytta til dei som er uroa for at det kan skje ei alvorleg ulukke i eller ved tunnelen. Men det finst ikkje pengar i fylkeskommunen som er sett av til Kvalnestunnelen. Håpet er at det er mogleg å få til nokre strakstiltak som ikkje kostar noko.

Viss forholda rundt tunnelen skal betrast, må pengane takast frå fylkeskommunen sitt budsjett. Fylket sine prioriteringar vert bestemt av fylkespolitikarane. Her er det viktig at også kommunepolitikarane gjer det dei kan for å påverke sine parti. For også i desse sakene er det om å gjere å rope høgast.

Håpet er at kommunepolitikarane har lært frå tidlegare i haust, då gang- og sykkelvegen mellom Garnes og Dragsund brått ramla nedover på prioriteringslista i fylket.