For mange år sidan var eg på Arlington National Cemetery,  Æresgravlunden ved Washington,  ein stad som får ein til å tenkje.  Grav i grav,  ungdommar på min eigen alder som hadde mist livet i krig. Korea-krigen var akkurat slutt, så der var nok graver av nyare dato.

I Kosovo, i seinare år, såg vi mange minnelundar/krigsgraver, falne under  krigen der på nittitalet, serbiske- og kosovo-albanske minnesmerke med mange namn. Og som vi veit: Bak kvart namn er det menneske i stor sorg.

Medan vi var i Kosovo tok vi turen til Makedonia. Eit stykkje frå Skopje stogga vi ved to krigsgravplassar frå første verdskrigen,  ein fransk, og ein britisk. På begge stadane var det velstelt, fredeleg, alvorsamt. Igjen las vi namna til falne ungdomar.  På nokre av steinane stod: A soldier of the great war  Known into God  - Falne soldatar som berre Gud kjende.

"Aldri meir krig!" sa dei i 1918. Verdssamfunnet skulle bruke fornuft og vit.   Sidan  første verdskrigen har 'siviliserte' statar sytt for  at talet på krigsgraver har  vakse rundt om i  verda,  vi veit at det er eit uhyggjeleg høgt  tal.

Den franske krigen i Indo-China opererer med 1,25 millionar dødsoffer. USA sin Vietnam-krig kosta 55.677 amerikanske soldatliv og 302.000 såra. Talet på døde "fiendar" - mellom 1965 og 1972  var 1,174 millionar. "Kill a commie for Christ - drep ein kommunist for Kristus", heitte det.

Krigen i Irak - ein åtakskrig

Operation Iraqi Freedom,  krigen som George W. Bush  og Tony Blair sette i gong i mars 2003, var ein rein åtakskrig. Vi hugsar at  Hans Blix og teamet hans  reiste rundt i Irak på  leit etter atom- og kjemiske våpen, men ingen ting funne.

Vi veit òg at etter invasjonen leita USA/England, med lys og lykte over heile Irak, utan å finne spor etter slike våpen.

Vi hugsar òg at Dei sameinte nasjonane (SN) nekta å godkjenne denne krigen. Generalsekretær Kofi Annan sa rett ut at krigen var ulovleg.

President George W. Bush slutta aldri ein tale utan vedhenget: "God bless America,"  USA/Storbritannia gjekk til åtakskrig i Irak basert på lygn, men  Gud velsigne Amerika var med.

Meir enn100 000 sivile liv gjekk tapt i denne krigen. Sorg, sorg og atter sorg.

Vi som er gamle nok hugsar at  andre verdskrigen skulle vere den siste krigen på jorda, og i rettssaka i Nürnberg sytte dei sigrande maktene, USA, Sovjetsamveldet, Storbritannia og Frankrike, for at  tyske krigsbrotsverk vart straffa. Nokre av Hitler sine menn vart hengde, somme fekk lange fengselsstraffer, medan andre, 'nyttige'  tyske krigsbrotsmenn fekk reise ut, mellom anna til Amerika, og halde fram med det dei hadde sysla med under den fælslege krigen,  spionasje, overvaking, rakett, gass - og atomforsking.

"Aldri meir krig!" lydde parolen i 1945. Kast auga på Syria, sjå nokre år attende…

Ein 'liten'  krig

I 1956 gjekk Storbritannia og Frankrike til krig mot Egypt. Som ein kuriositet kan eg nemne at eg gjekk gjennom Suezkanalen berre dagar før åtaket, eg hugsar at det var mangel på losar og spenning i Egypt då.

Dette var, utan den minste tvil, ein rein åtakskrig.  I Spandaufengslet i Berlin sat dømde krigsbrotsmenn på  ellevte året. Ein av dei, Hitler sin arkitekt, seinare rustningsminister, Albert Speer,  som høyrde medfangen,  Baldur von Schirach, spørje ei amerikansk vakt, -  bakgrunnen  for spørsmålet var krigen i Egypt: "Når vart det eigentleg tillate med åtakskrig? Er det ikkje slik at det har vore forbode?" Amerikanaren kunne ikkje svare, Walter Funk, Hitler sin økonomiske rådgjevar, merka spørsmålet som hang i lufta, og sa: "Der har vi det igjen. Kva som er moral, det avgjer alltid sigerherrane."

Storbritannia og Frankrike  sin krig i Egypt kosta mange menneskeliv, og det vart store materielle øydeleggingar. Var det noko som dømde dei?

Denne 'vesle' krigen kan sjølvsagt ikkje samanliknast med  verdskrigen,

Koreakrigen eller Vietnam-krigen, men åtak er åtak. I dag har verdssamfunnet ein  domstol i  Haag som skal dømme krigsbrotsverk. Nokre personar frå Balkan og diverse afrikanarar er dømde, men er det nokon som trur at dei  mektige statane i verda vil utlevere undersåttar til denne domstolen?  Er det ikkje slik, at når ein kjem verkeleg høgt i makt, ja, supermakt, så har ein også rett?  Kven skal syte for at  familiane til dei 100 000-150 000 sivile drepne i Irak, får vitne i Haag? Og kven skal sitje på tiltalebenken? Bush? Blair?

Georg W. Bush vedgår i memoarboka si og i intervju, at  han gav ordre til at torturteknikken Waterboarding skulle nyttast på fangane. Waterboarding gjer at offeret opplever å drukne. Det er krigsbrotsverk!  Vert ikkje God bless America, blasfemi?

"Eg fylgde berre ordre,"  er omkvedet frå små og store som gjer seg skuld i krigsbrotsverk. Han som gav ordren om at  Waterboarding, og andre torturmetodar skulle nyttast, burde finne vegen til Haag.  Er ikkje det eit rett resonnement? Genevekonvensjonane forbyr all slags tortur. Nasjonar som nyttar tortur held vi for å vere usiviliserte.

…i lydnad mot Guds ord

I Tyskland  under Hitler: "Ich schwöre Dir, Adolf Hitler, als Führer und Kanzler des Reiches, Treue und Tapferkeit. Ich gelobe Dir und den von Dir bestimmten Vorgesetzen Gehorsam bis in den Tod, so wahr mir Gott helfe." - Eg sver deg, Adolf Hitler, som rikskanslar for Tyskland og førar for germanarane, truskap og vågemot. Eg lovar lydnad til døden til føresette som du har utnemnt, så sant hjelpe meg Gud.

Ikkje ein eid til fedrelandet, men  til føraren personleg, og  Gud er med. Då rekrutten fekk utlevert uniforma las han på beltespennet: Gott mit uns - Gud med oss.

Vi veit korleis soldatane med Gud på beltespennet fór fram "… i lydnad til døden, til føresette som du har utnemnt, og i lydnad mot Guds ord  og påbod."

Så lett  vert  Allah, Jahve, Gud påkalla og tekne til inntekt! Det er ingen skilnad, sjølvmordsbombaren ropar: Gud er stor, før han/ho utløyser den drepande bomba.  I  Guds namn!  Og utstudert og elegant fjernstyrer ein ei drone og drep 'fienden'…