Gratulerer til alle innbyggarane i Ulstein med nytt bibliotek, sjløv om det no riktignok er nokre månader sidan det opna!

I samband med jobben som leiar av intresseorganisasjonen Norsk Bibliotekforeing, reiser eg litt rundt i landet og får sett mange bibliotek, og Ulstein stiller her i ein særklasse. Det er sjeldan at ein liten stad som Ulstein har så ambisiøse planar på eigne vegner når det gjeld god bibliotekdrift til innbyggarane sine.

Når var du sist på biblioteket? Kva tenker du om kva eit moderne bibliotek skal vere? Eit bibliotek handlar om kunnskapsformidling først og fremst, mindre om bøker. Vi kallar ofte biblioteket i dag for den tredje staden, ikkje ute og ikkje heime. Den einaste staden der vi kan opphalde oss over tid utan at vi treng å kjøpe ein kaffikopp. Vi kan, men vi må ikkje. Der flykningar og innvandrarar kan oppleve normalitet i ein kvardag som er alt ann enn føreseieleg og normal. Det er ikkje utan grunn at bibliotektenesten tronar på topp i alle kommunale undersøkingar som målar kundetilfredsheit over heile landet.

Det Ulstein kommune har forstått er kor viktig biblioteket er som stadutviklar. Som ein stad som gjer at folk ikkje berre vil bygge og bu, men også bli. Folk lever ikkje av arbeid og «turar i skog og mark» åleine, det må vere noko meir som får dei til å trivast. På biblioteket kan dei sjølvsagt låne bøker, men også oppleve foredrag, debattar, kunstutstillingar, osv. Og dei som måtte tenke at eit biblioteket er ein stille stad der ein kviskrar og listar seg rundt, må nok finne ein plass for å slikke såra sine, for den tida er forbi. Eit bibliotek som er stille er ikkje eit godt drive bibliotek.

Ulstein bibliotek har blitt eit fyrtårn i bibilotekverda på Sunnmøre, ja, for ikkje å snakke om i fylket. Det er sjeldan at bygde-Noreg har ei slik biblioteksatsing. Biblioteket i Ulstein tek stadig i mot bibliotekfolk frå andre stader i landet som vil sjå på det flotte biblioteket og bli inspirerte.

Ulstein er heldige som har ein så dedikert og fagleg dyktig biblioteksjef. Ho har teft for å setje biblioteket inn i ein nærmiljøsamanheng, og slik får de ein særs god bibliotekteneste i Ulsteinvik! Eg håper folk i Ulstein vil fortsette med å bruke biblioteket sitt, då kan de sjølve vere med på å setje dykkar preg på det. Og eg er sikker på at biblioteket i Ulstein i framtida vil fortsetje med å overraske dykk.