Vi treng politikarar i Ulstein som vi kan stole på, også etter at dei er valt.

Ja, vi treng politikarar som er valt på eit program som veljarane vil ha.

Eit utsegn eg merka meg ein gong i stortinget. Per Kleppe (Ap) var frampå i ei sak. Då sa Kåre Willoch: ” Du sa ikke det samme før valget”. Per Kleppe repliserte: ” Det er bare Willoch som sier det samme før og etter valget”.

Eg må seie det var ein god attest for Willoch.

Frå no av og utover hausten legg dei ulike partia sine planar og strategiar for å få god representasjon i kommunestyret som skal veljast neste haust.

Kjære veljarar, frigjer dokke frå gamle vanar, og gjerne familietradisjonar når det gjeld kva parti du skal stemme på.

Stem på dei som byr oss det beste programmet og som har vist oss i praksis at dei forstår kor ille det er med den usosiale skatten, eigedomskatten. Og at dei er villige til å gjere dei nødvendige tiltaks for å avvikle den.

Stem berre på dei partia som seinast denne hausten legg fram fylgjande, skriftleg:

1. Eigedomskatten skal avviklast seinast xx, og den skal ikkje aukast undervegs til den vert avvikla.

2. Oppgjev delmål fram til avvikling.

3. Strategi – tiltak eller handlingar for å avvikle skatten. Dette må kome tydeleg klart fram for veljarane.

Dersom  eit parti ikkje klargjer desse punkta i god tid i haust, så bestemm deg for å ikkje stemme på partiet, sjølv om du har gjort det heile livet. Ja, sjølv om bestefar din også har gjort det. Det er no viktig at veljarane tek styring i kommunen ved å velje inn rette personane.

For enkelte representantar og part bør det no vere siste høve til å vise i praksis at dei byr seg med kva veljarane vil.

I skrivande stund så ser det for meg ut at venstre er det partiet som har vist mest vilje og kreativitet for å holde igjen på å auke gjelda i kommunen. Det partiet har også vist vilje til å unngå eigedomskatt. Eg håpar at dei legg fram mål og strategiplan for korleis vi skal bli kvitt denne skatten.

Så tidleg som 21.mars i 2013 i Vikebladet, så åtvara venstre, ved Pål Grødahl om fylgjene av gjeldsutviklinga i Ulstein. Han sa mellom anna at ”Det er på tide og stikke fingeren i jorda”, og sa at vi kan ikkje bruke meir pengar enn vi har.

Venstre har verkeleg vist vilje og kome med gode forslag mot eigedomskatten. Så får vi sjå no kva dei vil gå til val på.

I Frp er der 2 personar vi kan stemme på dersom dei stiller på val. Nils Einar Garnes og Eidem. Dei har hatt mot til å stemme imot innføring av eigedomskatten. Resten av partiet fylgjer hittil ikkje det ein kan vente av Frp.

Sentralt er det noko anna, der er Frp tydelege på at dei vil ha bort skatten, og gjer også noko for det. Ja, dei har uttalt at denne skatten er som narkotika for kommunane, og soleis vanskeleg å få bort når ein først har teke til med den.

Likevel har dei teke til på prosessen ved å redusere den, og med mål om å få den bort.

Kva Krf vil gjere? Det får andre svare på, men det er mogleg å sjå kva Krf gjer og kva dei vil fortelje veljarane utpå hausten.

Høgre var nok saman med Ap og gikk inn for Arena, som er det store sluket som førde til å ”toppe” gjeld, og etter kvart dei store driftskostnadane.

Men det positive er at dei var ikkje serlig ivrige til å innføre eigedomskatten. Derfor kan det verte spanande kva målsetting dei har for å verte kvitt skatten, og når dei meinar det skal bli gjort. Til valet neste år skal vi døme dømme partiet, etter kva dei vil gjere for å få eigedomskatten bort.. Vi får sjå om det vert tilrådeleg å stemme på dei.

Senterpartiet er nok heller ikkje glade i denne skatten. Men vi treng klar skriftleg tale frå dei utpå hausten. Korleis og når skal eigedomskatten avviklast.? Om vi ikkje får svar på det, oppmodar eg at vi ikkje stemmer på dei.

Ap og SV har i sin investerings- og skatte-iver heilt gløymt at dei skulle tenke sosialt og vere dei svake sine talsmenn. Dei har gått for Arenabygget utan å vere økonomisk nøktern. Dei gikk inn for innføringa av eigedomskatt, utan å ofre ein tanke om at det er ein skatt som ikkje tek omsyn til den med minst pengeinngang. SV foreslo til og med å legge denne skatten på bedrifter, som har meir enn nok med problem å halde hjula i gong.

Som sagt, dei ulike partia har tid no, fram til seint i haust, til å  fortelje veljarane korleis ein skal få avvikle eigedomskatten, og når den skal vere avvikla.

Når vi får sjå programma deira, skal vi tydeleg kommentere kven vi bør ha tillit til.

Førebels må dei som er innvalgt verkeleg vise at dei har teke kontroll på økonomien. Ved å slutte å investere i hytt og vær, Og ved ei radikal sparing og skikkeleg nedskalering av utgiftene i kommunen.

Og politikarane må ta skikkeleg kontroll over alt som heiter administrasjon.