Det er fleire måtar å sjå ting på. No er naturlegvis kvar seg sjølv nærast, likevel er det klokt i det sosiale fellesskap å sette fellesbaten framom eigenbaten. Alle som bur på vår felles øy, kan konstatere ein jamn straum av køyretøy som fer att og fram mellom bygdene våre. Folk i Ulstein har sitt arbeid på Hareid, og folk i Hareid sitt i Ulstein.

I dei siste tiåra har tyngdepunktet flytta frå Hareid til Ulstein. Dette må vi berre konstatere anten vi likar det eller ikkje. Det som imidlertid er tyngre å fordøye, er at Hareid i dei siste 10–20 åra heilt har kome i bakevja, både kulturelt og materielt, medan Ulstein har hatt ein tilsvarande ekspansjon. I ei usikker framtid kan det vere at dei ansvarlege politikarane i Ulstein har vore for dristige og sett seg i ei uansvarleg stor gjeld, men skulle så gale skje at det fører til ei alvorleg krise, vil vi på Hareid få kjenne det like sterkt på kroppen som dei i Ulstein, uansett.

I. For nokre år sidan sat eg i eit forum der kommunesamanslåing vart debattert, og der det vert slege frampå om ei storkommune av alle øyane sør om Breisundet, og vist til at Fylket ivra for ei slik løysing. Det meinte eg den gongen vill vere tenleg fordi ein då ville ha eit allsidig næringsliv innanfor ein relativt kort avstand – dersom ein kunne semjast – men det kan som kjent ikkje Ulstein og Herøy.

II. Det er ein menneskerett å kunne skifte meining, særleg når det gjeld trua på kva som er klokt å gjere mot ei uviss framtid. Eg veit at Ulstein og Hareid vil vere avhengige av kvarandre, og kanskje helst i eit nært og forpliktande fellesskap. Difor trur eg i dag, i 2018, at eg er villig å ofre neistemma mi til ei kommunesamanslåing av heile øya vår, og satse fullt og heilt på eit slikt fellesskap.