Hald deg til sanninga, Fuglseth

tek til Motmæle: Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh. Arkivfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Meiningar

Det er sanneleg ikkje ofte at eg føler trong for å leite fram tungt skyts mot mine folkevalde kollegaer, men denne gongen kan eg ikkje la vere. Kristian Fuglseth sitt innlegg om rasering av IKT-tenestene på Søre Sunnmøre er så fullt av feil og usaklegheiter at det er vondt å lese. Det som provoserer meg mest er at den godaste Fuglseth set seg på den høge hest og gir inntrykk av at Ulstein og andre kommunar undergrev samarbeidet mellom kommunane. Rekk opp handa den som har vore vitne til at Fuglseth har vore ein forkjempar for samarbeid som kjem andre kommunar til gode. Tvert om er han ein av dei som strør rikeleg sand i maskineriet, slik som no. Han går heller ikkje av vegen for å bruke halvsanningar og løgn, særleg i korstoga mot Ulstein, og er sjølv ein av dei bakmennene «som legg skuggar over eit elles fruktbart samarbeid», for å sitere eit uttrykk han nyttar i innlegget.


Rasering av IKT-tenestene på Søre

Lesarinnlegg frå Kristian Fuglseth

 

For det er ikkje tilfelle at ein no splittar fagmiljøa. SSIKT har til no hatt ein desentralisert struktur, der driftssenteret på Hareid har hatt ansvaret for administrasjon, drift og delvis fagsystem. Resten av dei tilsette har vore fordelte ut på dei ulike rådhusa og gitt IT-støtte til dei ulike einingane i eigarkommunane. SSIKT er eit resultat av eit godt samarbeid mellom kommunane over år, der ein i fellesskap har hatt fokus på å bygge ut eller sikre avtalar om eigen infrastruktur og samle seg om felles fagsystem og forvaltningspraksis. På denne måten har ein bygd opp ein felles ressurs som kan hjelpe kvarandre på tvers av kommunegrensene. Det er ikkje som Fuglseth hevdar at Hareid kommune har bygd infrastruktur til andre kommunar, infrastruktur som no må gravast opp og flyttast, kvar tek han det frå?

For å kunne tilby betre tenester og støtte til brukarane, har dei tilsette sjølv jobba for å kunne samle fagmiljøa – der utvikling, drift og support vert samlokalisert for å kunne dra nytte av kvarandre sine spesialkunnskapar og løyse utfordringar mest mogleg effektivt. Dei tilsette ønskte i utgangspunktet å vere lokaliserte i Myrvåg, men det var det ikkje fleirtal for, og valet vart denne gongen Ulsteinvik. Hadde det vore folkevalde som hadde sitte i styret, hadde dei mest truleg kome til den same konklusjonen, fordi Ulstein hadde det beste tilbodet samla sett.

Fuglseth dreg også fram kor viktig det er å vere lokalisert nær serverane, og at ein difor må vere lokalisert på Hareid. Eg lurer på kva verd Fuglseth lever i? Medan dei aller fleste bedrifter og offentlege verksemder nyttar store datasenter som t.d. Lefdal gruver i Nordfjord, eller skytenester, skal altså SSIKT nærast sitte i same rom som våre serverar. Sanninga er at dette ikkje er eit argument i det heile – i beste fall 10 år gamal logikk. Det er svært sjeldan ein må vere fysisk til stades for å halde serverane ved like. Difor er dette nok eit argument som ikkje held vatn.

Skal vi få til samarbeid mellom kommunane er tillit det aller viktigaste. Når Ulstein tek initiativ til å utvide vertskommunesamarbeidet for NAV Hareid og Ulstein er det for å styrke Hareid sin posisjon på dette området. Det er ikkje Fuglseth si forteneste at vi tek dette initiativet, men dei andre folkevalde og den administrativ leiinga i Hareid som har vist seg langt meir samarbeidsvillege, også når ting ikkje nødvendigvis går i eiga retning. For slik er samarbeid, det handlar om å gi og ta, og alle må føle at dei har noko igjen til slutt.

Mi oppmoding til deg Fuglseth er at enten får du begynne å faktasjekke og halde deg til sanninga, eller så bør du finne deg noko anna å gjere. For kven vil vel ha uærlege folkevalde?