Frå vondt til verre

Kva no? Hødd sitt jubileumsår har ikkje starta så godt. "Klubben må no gjere ein innsats for å bygge opp igjen tilliten blant støttespelarane", skriv redaktør Linda Eikrem  Foto: Illustrasjonsfoto / Per Werkland

Meiningar

Denne veka har det gått frå vondt til verre for Hødd.

Fredag vart det klart at Oddmund Davik Otterlei gir seg som dagleg leiar etter berre halvanna år. Og nokre dagar før fekk vi stadfesta rykta som hadde svirra i bygda ei stund: sportssjef André Nevstad har sagt opp jobben. Han som har prega Hødd i nesten ein tredjedel av klubben sine snart 100 år, skal ikkje lenger jobbe på Høddvoll. Han var seksten då han debuterte på A-laget, han har klubbrekorden med 683 A-kampar, han er æresmedlem og har dei siste tjue åra jobba i administrasjonen i klubben.

Denne veka fekk styret også endeleg landa eit budsjett for i år. Vi har tidlegare her på leiarplass skrive at prosessane som har gått føre seg i klubben den siste tida har vore både vonde og vanskelege. Men også nødvendige. Då siktar vi til arbeidet med å få utgiftene ned og inntektene opp på eit realistisk nivå for å unngå nok eit år med underskot.

Spørsmålet er om det var nødvendig at denne prosessen skulle føre til at både dagleg leiar og sportssjefen valde å seie opp. “Det kan sikkert vere sunt både for André og klubben med ein pause”, sa leiar i fotballstyret, Ivar Morten Normark, då nyheita om Nevstad vart kjent. Det er godt mogleg, men det var vel ikkje dette Hødd trong akkurat no.

For oppseiingane, problem med å få på plass eit budsjett, ein sjukmeld trenar, spelarar som fer til andre klubbar- det er ikkje akkurat noko som skaper tillit hos sponsorar og medlemmar.

Klubben må no gjere ein innsats for å bygge opp igjen tilliten blant støttespelarane. Kva med å kalle inn til eit ope møte i næraste framtid? Problemet er at det er få igjen til å ta ansvar i klubben.