Tjuandedag-Knut jagar jula ut

Det nyaste internettkjøpet Ei julekrybbe i plast frå Playmobil har fått innpass i julestova. Biletet er tatt før Jesusbarnet forsvann under bokhylla. Kven sa at eg ikkje kan tilpasse meg nye tider? 

Eg vert hissig av alt som har med jul å gjere før adventstida tek til.

Gunhild Snipsøyr
Meiningar

Allereie før nyttår såg eg det første biletet i sosiale media av at nokon syntest at det var på tide å kaste ut juletreet. Og rett over nyttår strøymde det på med bilete og tekst om at no var jula rydda ut og det var tida for å starte på ny frisk, gjerne med innkjøp av grøne planter for å freshe opp heimen etter all julepynten. For meg hadde jula akkurat byrja og folk var klare til å kaste henne ut? I mi stove vert jula slett ikkje avslutta nyttårshelga. Ei songstrofe hevdar at jula varer heilt til påske, eller i alle fall til faste, men for min del varer juletida minst til 20. dag jul og det vil altså seie den 13. januar.