Innsendt:

Nyttårskonsert = Livskvalitet!

År etter år fyller Ulf og HDU kulturhuset, ikkje berre ein men to gonger på same dag!

Livskvalitet: Nyttårskonserten kan oppsummerast i eitt ord «livskvalitet», skriv Robert Skeide i dette innlegget. FOTO: Robert Skeide 

Meiningar

Eit lite tankeeksperiment: når 60 musikarar øver heile hausten for å få dette programmet i boks, x 2,5 timar x 20 veker så utgjer det meir enn halvanna årsverk. Og om kvar av musikarane øver 4-5 timar kvar i løpet av veka heime, nokre meir og andre mindre, ja så nærmar vi oss 10000 arbeidstimar eller 5 årsverk for å produsere to timar med vellyd som 900 publikumarar her fekk glede av! Det utgjer 10 arbeidstimar for kvar einskild av oss tilhøyrarane i amfiet, tenk på det! Vi skal i alle fall ikkje klage på billettprisen!

Men musikarane elskar hobbyen sin, dette er kvalitetstid, ja rein livskvalitet for dei, både det å øve heime for å klare den eller den passasjen rett, med tempi, dynamikk, frasering og naturlegvis eliminere dei feile tonene som stundom vil snike seg inn, og det å kome saman med likesinna; messing, treblåsarar eller perkusjonistar den faste øvingsdagen i veka til korpsøving, og litt sosialt samvær også! For det å spele i korps er og blir eit presisjonsarbeid av dimensjonar. Kor mange tusen tonar må ikkje kvar musikar prestere i løpet av ein slik konsert? Og det er ikkje tilfeldig kvar dei kjem i rekkefølgja heller…..då ville det blitt ein kaotisk kakofoni! Nei her har dei to dirigentene gjort ein eminent innsats for å skape samklang, presisjon og dynamikk som gjer at dette blir MUSIKK verd å lytte til! Det er dirigenten som «modellerar» klangen og musikken fram til det endelege resultat! Og når ein så kjem fram til å opptre med musikken i ein fullsett sal som på Sjøborg, ja då er det i seg sjølv ein formidabel motivasjonsfaktor for alle i ensemblet, og applausen; eit ekstra klapp på skuldra, og det har dei virkeleg fortent, for det lokalt samansette korpset skuffa ikkje sitt publikum! Og både for musikarar og publikum, er nok nyttårskonserten eit av dei musikalske høgdepunkta i året…sjølv om det er i januar!


Gåsehud og godkjensle

Tidvis kunne ein mest høyre korleis hårsekkane i huda til publikum snurpa seg saman.

 

For dei proffe innleigde solistane er dette naturlegvis ein ordinær jobb. Dei reiser ofte timevis for å kome til sitt publikum, bor på hotell, og må forsake både familie og born for å kunne dyrke kunsten sin. Men eg både trur og meiner at dette gjer dei i rein kjærleik til musikken som dei har valt som yrke! Og for oss publikumarar, så er ofte desse tilreisande kapasitetene prikken over i en. Ja, vi føler oss reint i toppdivisjonen! Det å få oppleve tenoren Marius Roth Christensen, og bassbarytonen Yngve André Skollerud Søberg i levande live her på «heimebane» var berre fantastisk…enda ein gong! Begge gjorde stor lukke med sine utvalde «svisker» frå opera, musikalar, romansar og populærmusikk. Jammen har dei både eit rikhaldig og variert repertoar! Og samspelet med dei lokale musikarane var berre heilt nydeleg! Sjølv om operasongarar helst opptrer utan mikrofonar og høgtalarar, så ville dei nok ha «drukna» i messing og treblås på Sjøborg, men Lydkjellaren med Sverre Valderhaug ved spakene sørga for å balansere dette på ein fortreffeleg måte, og utan å «drepe» stemninga med vandrende og blinkande lyskjegler i kryss og tvers. Nei her var det harmonisk både musikalsk og visuelt, kort og godt ei fryd å få med seg!

Eg merka meg at det var mange koristar i salen.

Tenkjer vi koristar over kor mykje vi kan lære av slike topp-skulerte vokalistar berre ved å lytte til dei? Det er jo vokalane vi syng på, og det som slår meg kvar gong er dei små nyansene i artikulasjonen som formar vokalane særleg i langsame parti og på lange tonar. Vokalen blir modellert eller fargelagt, for å klinge vakkert og få stort volum, ikkje minst høyrer vi dette i diftongene. Slik skal det gjerast!

Årets konferansier var også i år Kjersti Kleven. Ho losa oss verbalt gjennom konserten på ein ledig, fin og humoristisk måte. Og ho hadde virkelig «lært leksa si» om musikkstykker, komponistar, og historier i tilknytning og kom dessutan med treffande kommentarar både til ordførar og kyrkjelydsleiar, kopla opp mot musikken vi fekk servert. Elegant og morosamt!

Programmet veksla mellom reine instrumentalstykker i ulike sjangrar, til klassiske romansar flott arrangert til janitsjarbesetning og absolutt noko for einkvar smak. Fleire lokale solistar; Eli Marte Dalhaug med sitt flygelhorn gjorde ein fantastisk innsats i eit instrumentalarrangement av Bacharach sin musikk til filmen Alfie, og der nettopp Flygelhornet hadde melodien som til vanleg blir framført av ein vokalist. Utruleg fin og varm tone i instrumentet, og full kontroll på dei lange fraseringene. Dette står virkelig respekt av! Ja, og vår eigen Rune Ertesvåg fekk som vanleg fingrane med seg på gitaren, og samspelte med ein «nabovokalist» frå andre sida av Eiksundtunnelen; Børre Lødemel, i «Music» av John Miles. Og jammen trur eg at Ørstingen gjekk eit steg over «Heltetenoren» i det høge registeret! Veldig bra, og flott melodi men også spektakulært då Rune tok til å «synge sopran» med gitaren sin samtidig som treblåsarane som la ned instrumenta for å bidra med rytmisk klapping då musikken gjekk over i 7/4 takt! Artig innslag, og eit lekkert arrangement! Kjempeflott innsats av begge gjestane! Det blir neppe spalteplass for heile programmet slik eg har starta, men for eigen del vil eg framheve Yngve si tolking av «I got plenty o`nuttin» som ein av favorittane. Den malmfulle røysta hans fekk full uttelling i dette flotte nummeret frå Gershwin`s West Side Story. Ikkje verst å få oppleve «O helga natt» også i duett med slik stemmeprakt! Men ekstranummeret «Con te Partirò» vart likevel høgdepunktet. Sjølve signatursongen til Andrea Bocelli var eit verdig punktum på årets nyttårskonsert. Som duett får den gjerne tittelen «Time to Say Goodby» og vakrere avskjedshelsing kan ein ikkje få! Alle gjekk heim rike på flotte opplevingar frå dei aktive på scena. Dette kan oppsummerast i eit ord; LIVSKVALITET!

Robert Skeide