Ulstein kommune og økonomien framover

auke: Auken i dei kommunale avgiftene i Ulstein vil vere langt høgaren enn den generelle prisauken, skriv Einar Magne Skeide som trur mange vil slite med auka kostnader dei komande åra. 

Det kostar å investere og «å vere framoverlente»

Einar Magne Skeide
Meiningar

I starten av det nye året er det interessant å sjå kva ein kan forvente seg når det gjeld kommunale inntekter og utgifter neste åra. Ein ser no etter kvart tydeleg kva store investeringar og store overskridingar på ein del av dei store investeringane fører til. Mange av politikarane har heldigvis, men noko motvillig vil eg tru, innsett at det må skje ei nødvendig omstilling, og at det vert ein tilnærma heilt nødvendig investeringsstopp i åra framover. No viser det seg også at ein har rekna feil på overføringane til dei private barnehagane med om lag 10 millionar kroner som ein må ta frå driftsfondet.

Store ambisjonar på investeringane dei siste åra gir naturlegvis tilsvarande reduserte investeringar og utgifter til drift i tida framover. Over tid så må utgifter og inntekter henge saman. Det gjeld både privat og for ei kommune. Ein får berre håpe at aktiviteten i det lokale næringslivet er over den verste kneika, at dei store bedriftene vil gå med overskot i motsetnad til kva dei har gjort dei siste åra, og at skatteinntektene ikkje kjem inn under det som er budsjettert. Vi ser ofte på slutten av eit budsjettarbeid at skatteinntektene vert justert opp for å få til meir på utgiftssida. Dette vert gjort for å «gjere mange til lags» utan å måtte kutte i fleire budsjettpostar. Eg er ikkje så sikker på at det er så lurt. Alt for mange har feila med å vere for optimistisk på inntektssida.

Folk flest i Ulstein vil over tid merke eigedomsskatten, og personleg trur eg den vert vanskeleg å reversere eller redusere, slik enkelte snakkar om. Å ta bort inntektspostar som har blitt innført viser seg å vere vanskeleg. Eg trur heller at den kjem til å auke med åra.

I tillegg ser ein at dei kommunale avgiftene for vatn, avløp og feiing skal auke med 14,5 % i 2019 og med mellom 4,4 og 6,1 % dei neste 3 åra. Auken er vesentleg høgare enn den generelle årlege prisauken i Norge på om lag 2-2,5 %. Denne store auken er det ikkje så mange politikarar eller andre som har kommentert. Auken er nok grunngitt i dei investeringane og utbetringane som alt er og vil bli gjort på dette området. Dette er basert på sjølvkostprinsippet. Sjølvkost vil seie at kommunen sine kostnader med å «produsere» desse tenestene skal dekkjast inn av gebyra som brukarane av tenestene betalar.

At ein normal husstand skal auke den årleg betalinga for desse tenestene frå om lag 8.500 kr i 2017 til over 12.000 kr i 2022 vil heilt sikkert merkast, og i tillegg kjem eigedomsskatten på ca. 5–8 000 kr kvart år framover. Dei aller fleste kan også vente seg ein auke på 1-2% i renta dei nærmaste åra. Og mange slit alt no med alt for høg gjeld som er teken opp i ein periode med eit unormalt lågt rentenivå. Eit unormalt lågt rentenivå over tid, har ført til at mange investeringar som i utgangspunktet ikkje er lønsame har blitt gjennomført både i privat og offentleg regi. Straumprisen ser også ut til å bli vesentleg høgare i 2019 enn åra før. Dette vert samla sett ei stor utfordring for mange. Spesielt for dei unge i etableringsfasen med stor gjeld, men også for mange både unge og eldre med svak betalingsevne.

Eg trur at dei fleste hushalda og enkeltpersonar med svak økonomi kjem til å merke desse auka utgiftene, og at Ulstein kommune sine politikarar må vere svært disiplinerte i fleire år framover. Det er mykje som er «kjekt å ha» og det kostar å investere og «å vere framoverlente» som mange har sagt ein må vere, og no må vi alle saman ikkje heilt uventa betale rekninga.