Ikkje kødd med skulen vår

Ei nedlegging av Haddal skule vil vere heilt øydeleggande for kulturlivet i bygda

Terje Haddal, leiar Haddal grendahuslag
Meiningar

Atter ein gong skal trusselen om skulenedlegging true utkantane i kommunen vår. Denne gongen er det Haddalskulen som ligg ute for hogg.

Det er no knappe 19 år sidan vi kunne glede oss over opninga av nye Haddal skule, bygda la då ned eit imponerande arbeid med dugnad langt utover det ein kunne forvente.

Vi hadde stor framtidstru, og tru på at kommunen hadde ein langsiktig plan for skulestrukturen i kommunen. Vi satsa då alt på å få bygd ein god skule, med integrert grendahus, noko som hadde vore eit sakn i mange år.

Gjennom dugnad, auksjonar, givarglede og stort engasjement gjekk heile bygda inn for å få til eit så godt sluttprodukt som mogleg. Resultatet vart ein flott skule med stort, godt uteareal, og eit grendahus med stor sal, scene, storkjøkken og andre sambruksareal som har vore til stor glede for bygda, og ein føresetnad for det aktive kulturelle livet i bygda.

Etter ein liknande prosess i nabobygda vart Eiksund skule for nokre år sidan lagt ned, og elevane flytta over til Haddal. Desse har no funne seg godt til rette og er med på å styrke grunnlaget for vidare skuledrift. Heldigvis for Eiksund sin del har dei eit eige forsamlingshus utanom skulen.

 Vi trudde då det skulle vere slutten på nedlegging av skular i Ulstein, men den gong ei. No er det på igjen med ny runde.

Kommunen har alle desse åra gitt gratis leige av gymsal og sambruksareal til Haddal musikkorps og Haddal IL, og møtelokale til dei andre organisasjonane i bygda, på lik linje med idrettshallane på skulane i resten av kommunen.

I helgane er det Haddal grendahuslag som disponera og leiger ut salen til lag, institusjonar og private, til inntektsbringande tiltak, selskap, bryllaup m.m. Dette er eit nonprofit føretak der inntektene går til å legge til rette for vidare aktivitet 

Dette er noko som kulturlivet i Haddal er heilt avhengige av, då bygda ikkje har noko anna hus å samle aktiviteten i.

I Vikebladet kan vi lese at eit alternativ var å selje bygget, utan at det ser ut til at ein tek omsyn til at bygda har investert 3–4 mill. i bygget og disponera store deler av bygget som sambruksareal med skulen. Dette gjeld sal med scene og garderobar, vestibyle med musikkrom, storkjøkken og skulekjøkken og skaparverkstad /sløydsal.

Slik det fungerer i dag held kommunen ein grunntemperatur i bygget på ca. 18 grader i fellesareal og 15 grader i gymsalen. I helgane når grendahuset vert nytta, aukar vi temp i salen, og styrer også ventilasjon i dei timane salen vert brukt. Etter bruk i grendahusregi vert areala vaska av leigetakar. All anna vask er det kommunen som tek seg av.

All utvendig og innvendig vedlikehald som ikkje direkte angår grendahuset er det kommunen som utfører

Dette er eit stort og krevjande bygg å halde ved like, med eit avansert varme- og luftesystem, med utgifter langt over det ei lita bygd kan makte.

Slik eg ser det har ikkje bygda muligheit til å drifte eit slikt stort komplekst bygg. Dersom kommunen trekker seg ut vil då bygda stå heilt utan samlingsstad. Dette vil vere drepen for korpset og idrettslaget og dei andre organisasjonane i bygda.

Trur korpset uavhengig av grendahuset, vil slite med rekrutteringa dersom elevane vert flytta til Hasund

Med andre ord vil nedlegging av Haddal skule vere heilt øydeleggande for kulturlivet i bygda.

Dette skriv eg som leiar av Haddal grendahus og dei aktivitetane vi skal legge til rette for. Konsekvensane for skulen med elevar og foreldre er det sikkert andre som er betre eigna til å skrive om.

Til slutt vil eg kome med ei oppfordring til politikarane våre. Ikkje kødd med skulen vår. Den nyaste og beste skulen i kommunen med kjempeflott uteareal, livsnerven og samlingspunkt i bygda og heilt avgjerande for kultur og trivsel.