- På ville vegar

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, snakka mellom anna om den planlagde, nye kyrkja i Ulsteinvik då ha var på visitas i soknet nyleg.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Meiningar

Skrive av Agnar Dag Ulstein i Ulsteinvik, som ein reaksjon på denne saka:


– Det er nesten uforståeleg at de ikkje har funne ei løysing

Biskop Ingeborg Midttømme var forundra over at arbeidet med ny kyrkje i Ulstein ikkje har kome lenger enn det har gjort.


- På ville vegar

Ein må vel kunne seie at ein er på ville vegar, når vi ser at biskopen seier at vi har råd til ny kyrkje. Kva veit biskopen om økonomien i Ulstein kommune?

Her må politikarane leite med lys og lykter for å finne innsparingstiltak. Her må kommunale avgifter aukast med langt over inflasjonen, heilt opp i 17,4 prosent. Og her må folk som slit, forsake mykje og betalar eigedomsskatt.

Tenkjer ikkje biskopen på dei som har minst innkome. Kva slags overflatisk biskop er det? Det kunne vore meir økonomi å fare med viss vi ikkje no kan vente overskridingane på Arena, på kanskje 50 millionar kroner.

Men vi har den tru at politikarane no er meir vakne og vil styre kommunen ut av det økonomiske uføre vi er komne opp i. Det er inga statskyrkje lenger, vi godtek ikkje at biskopen prøver å ta «grep» i kommunen sin økonomi.

Eg har sjølvsagt ingen ting imot at det blir bygt ny kyrkje når det er økonomisk forsvarleg å gjere det for Ulstein kommune.

Agnar Dag Ulstein


– Det er nesten uforståeleg at de ikkje har funne ei løysing

Biskop Ingeborg Midttømme var forundra over at arbeidet med ny kyrkje i Ulstein ikkje har kome lenger enn det har gjort.