Slå ring om Mork senter

- Dropp planane om å legge ned Mork Senter, olppmodar Venstre-laga på Søre Sunnmøre.  Foto: Møre-Nytt / Kjell Arne Steinsvik

Meiningar

Venstre-laga på Søre Sunnmøre ber om at Helse Møre og Romsdal snarast droppar planane om å legge ned rehabilteringstilbodet ved Mork senter i Volda.

Ei nedlegging vil medføre at både omfang og kvalitet på rehabilteringstilbodet i regionen vert kraftig redusert. Det vil vere eit alvorleg feilgrep som råkar både pasientar og pårørande. Kommunane er i dag ikkje rusta til å ta over oppgåvene med rehabiltering og opptrening. Dei har verken nok fagleg kompetanseeller ressursar til rådvelde.

Ved å legge ned Mork Senter vil eit verdfullt fagmiljø bygt opp over lang tid gå tapt. Samtidig vil mange pasientar oppleve ein vansklegare og lengre veg når det gjeld attendeføring til normalt daglegliv og arbeidsliv.