Ein stor dag for ferjefylket

Frå styrehuset på MF "Hadarøy"  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Det er nok få som i dag ofrar «MS Ullensvang» så mange tankar.

Meiningar

Det var temmeleg presist formulert av Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i fylket, då ho døypte «Hadarøy», ei av nyeferjene mellom Hareid og Sulesund på torsdag: «Vi har venta på deg. Ta no godt vare på lasta di.»

Som fylkespolitikar har ho nok hatt litt dårleg samvit for dette ferjesambandet, som i årevis har vore prega av tekniske problem og for liten kapasitet. Også fylkesvaraordførar, Gunn Berit Gjerde, som døypte «Suløy», må vere glad for at sambandet har fått eit løft.

For det er liten tvil om at Fjord1, med etter kvart tre flunkande nye ferjer, representerer eit stort løft for heile ferjefylket Møre og Romsdal. Ferjene har plass til 120 bilar kvar. Reisetida er korta ned med mange minutt og store delar av døgnet er det avgangar kvart tjuande minutt. På Sulesund er den nye kaia under sluttføring og så smått teken i bruk. Nyeferjene er stillegåande og går førebels på biodiesel. No er det viktig å få på plass ladestasjonane, slik at ferjene kan gå på elektrisitet med lågt energiforbruk.

Det er nok få som i dag ofrar «MS Ullensvang» så mange tankar. Ferja, som vart sjølve symbolet på problemsambandet Hareid-Sulesund, går no i rute mellom Gjermundshamn og Årsnes i Hardangerfjorden.

– Dette er ein stor dag for oss, sa Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, då to av dei tre nye ferjene vart døypte i Hjørungavåg på torsdag. Dagen var stor ikkje berre for Fjord1, men for alle som ofte eller berre av og til reiser med ferja.