Ei stripe med matjord

1954: Holsekredalen med Høddvoll i utmarka. Området, som inkluderer den gamle grusbana, er no blitt forvandla til eit flott idrettsanlegg. På same måten kan delar av utmarka opp mot Eidet omskapast til ein vakker gravplass. 

Meiningar

Gjennom fleire tusen år har det arbeidd seg opp eit tynt lag med matjord på kring 3% av arealet her i landet. I Ulstein finn me den beste matjorda langs sjøen frå Osnes til Flø.

For snart 100 år sidan bygde idrottslaget Hødd ei grusbane i utmarka sjølv om laget i den første spede starten leigde ei attelege på Osnes. Flyttinga fungerte godt, og me har i dag eit flott anlegg i den tidlegare utmarka. Likeeins vil kommunen kunne få ein flott framtidig gravplass med ei plassering austom folkehøgskulen på Varleitet.

Ulstein er mykje meir enn denne smale stripa som Jan Berset viser til. Bugarden ligg ikkje der, heller ikkje Hovsetmarka, Varleitet og Saunesmarka. På same måten som ein flytter bustader og verksemder opp frå stripa, må dette også kunne gjerast med ein gravplass. Det vart forsøkt gjort då ein utarbeidde ein reguleringsplan med gravplass i Hovset utmark. Men dessverre greidde ikkje kommunestyret å fri seg frå gammalt tankegods. Dei rista på hovudet, nett som mange gjorde då Gustav Adolf Olsen bygde hus i Osnes utmark.

Jan Berset legg stor vekt på det kommunale sjølvstyret. Det er ei dårleg løysing når det gjeld vern av matjord. Innstillinga er som oftast at jordvernet skal andre kommunar ta seg av. Her i kommunen har me, i motsetning til dei andre, ikkje andre alternativ, synest tonen å vere. På grunn av at jordvernet ikkje kan overlatast til kommunane åleine, har stortinget også vedteke at den samla jordøydinga her i landet ikkje skal vere over 4000 dekar i året.


 

Eg synest Ulstein kommune si haldning, både når det gjeld vern av matjord og fornminne, minner mykje om enkelte politikarar si haldning til klimaendringar. Me kan halde fram som før – innsatsen må gjerast andre stader. I ei verd med veksande folketal, klimaendringar, kan matmangel også bli ein realitet for oss. Det er ikkje sikkert at me kan halde fram med å kjøpe all den maten me ønskjer frå utlandet. Så i staden for å auke arealet med matjord for å kunne mette framtidige generasjonar, har me politikarar som vil redusere det.

Ein kan nesten bli rørt av dei vakre orda kommunen brukar om vern av dyrka jord: Ein skal unngå inngrep i samanhengande godt arronderte jordbruksareal og høgproduktive mindre areal, og det skal heller ikkje gjerast inngrep i kulturlandskap av heilskapleg karakter.

Men kor lenge var Adam i paradis? Arealet som kommunen no vil ha til gravplass er ein del av eit stort samanhengande jordbruksareal og det er høgproduktivt. På fylkesplan blir det no dessutan fokusert på kulturlandskap (KULA). I eitt av dei presenterte områda, hugs at dette også kan sjåast på som reiselivssatsing, er kystlandskapet frå Osnes til Flø med. Og eit flott og ope kulturskap kan ein nettopp få ved å leggje gravplassen til ein annan stad enn det kommunestyret har gått inn for.

Kommunen har skisseret tre alternativ for gravplass på Osnes – Osnesflotane (1), Vollane (2) og Oshaugflata (3). Dei har valt Osnesflotane. Alternativ 2, Vollane, vert ikkje sett på som stort nok. Alternativ 3, Oshaugflata, er stor nok for å dekkje gravferdsbehovet for 40 år framover. Her ønskjer grunneigarane å bygge hus på den dyrka marka. Dei har også fått positive signal frå kommunen om å setje i gang med planane sine.

Eg synest det er ei lite tillitsfull utgreiing når kommunen seier at dei ikkje vil vekte, vurdere, kulturminna i dei enkelte alternativa. Kommunen bruker same ordlyden om dei tre alternativa: «Område inneheld fleire kulturminne.» Kvifor vil ein ikkje fortelje kommunestyremedlemene at andre har gjort ei vekting, ei vurdering, av fornminna som me finn i dei ulike alternativa?


 

Dei som har utarbeidd kommuneplanen er fullstendig klar over at andre har gjort ei slik vurdering. Arkeologiske styresmakter har sagt at området som kommunen går inn for, Osnesflotane, inneheld langt viktigare kulturminne enn dei to andre alternativa. Det var også på grunn av desse kulturminna at Miljøverndepartementet, med sitt vedtak av 18. februar 2005, sa klart ifrå at dei går mot gravplass på Osnesflotane og bad kommunen finne ein annan stad. Kvifor peikar ikkje kommunen på dette sentrale vedtaket i kommuneplanen?