Turveg til Hasundhornet

Det er inga skam å snu

Meiningar

Eg har forandra meining.

Ja, det har eg. Det vert sagt at det ikkje er ei skam å snu. Og det må det ikkje vere når det gjeld å forandre meiningar heller.
Eg tenkte ikkje nok på dei svakaste. Eg er frisk enno, og kan gå det eg vil i fjellet. Det er stort og godt for meg å kunne gjere det.

Berre nokre treplankar, eller nokre heller på dei våtaste plassane gjev god tilgang til Hasundhornet, og andre fjell, for oss friske. Men så er det dei som er uføre, eller gamle som ikkje har pust nok til å kome til Hasundhornet. Skal vi ikkje unne dei denne flotte utsikta, og friheits-følelsen dette er å kome seg dit opp? Med ei stemmes overvekt bestemte kommunestyret å bygge ei smal rås. Gode kommunestyre, tak opp att denne saka. Bygg same breidda som Mørdarbakken. Då kan ein ta med barnevogn til Hasundhornet. Det vert også lettare å passere kvarandre, og 2 i breidda kan også snakkast saman. Det må også vere lov å køyre med elektrisk rullestol, og andre elektriske køyretøy, som har lav fart og er stillegåande. Elles kan ein ha bom, og forbod for køyretøy med forbrenningsmotor. Det er ei rivande utvikling av batterikapasitet, så det vert ikkje lenge før kapasiteten er god nok til å få rullestolar til Hasundhornet. Til og med finst det barnevogner med elektriske hjelpemotorar.

Her må vi no tenkje på dei svake, og vere framtidsretta.

Ein kommunestyrerepresentant som eg møtte på tur sa at ho like godt kunne stemt for det andre alternativet som tok omsyn til dei svakaste. Så eg trur at med ei ny avstemming kunne det bli fleirtal for eit alternativ som vil tene alle grupper betre. Eg møtte også ein som verkeleg har gjort nok for turstiane, og folkehelsa i Ulstein. Ja, han har visst fått ein pris for det. Han var så lei seg for dette vedtaket om 50 cm rås at han ville ikkje hjelpe til å skaffe sponsorar. Gode ordførar, gjer ein innsats, og få med deg eit fleirtal i kommunestyret, slik at det vert farbart for svakaste. Nokre gonger kan det vere klokt å forandre meining.