Om fuglemating ved Amfi

No Birdie Num num: Brattøra Eiendom har lagt ned forbod mot å mate fuglar ved Amfi-senteret i Ulsteinvik, noko forfattaren av dette innlegget støttar opp om.  Foto: Linda Eikrem

Meiningar

Sjølvsagt har ville fuglar og dyr like stor livsrett som oss menneske. Men so vidt eg huskar står det einkvan staden i Bibelen noko slikt som at: «menneska skal rå over fuglane under himmelen, over dyra ... osv.» Eg er soleis samd i forbodet som er hengt opp ved Amfi.


 

Mating av endene samlar også andre fuglar og dyr, naturleg nok. Og det er ikkje kjekt å få fugleskit nedetter ryggen eller over bilen. Det er heller ikkje like enkelt å ta opp ein fugleskit som ein hundelort. Dessutan etsar fugleskit på billakken. Men Judith Gautestad er kanskje ikkje avhengig av bil?

Eg matar gjerne fuglar i min private hage, helst vinterstid, når det er vanskeleg for dei å finne mat i naturen. Dei «takkar» med nydeleg fuglekvitter. Men so bur eg også i eit utkantområde. Likevel fryktar eg ofte uønskt besøk av rotter. Hittil har mine to flinke jaktpusar heldt slikt utøy unna.


 

Dei fleste av oss set pris på fuglar og dyr. Faunaen bør vi for all del verne om.

Ei anna omdiskutert sak er om fuglane dreg med seg diverse smittefulle sjukdomar. Det er i så fall ei sak for Mattilsynet å sjekke. Når det gjeld søpla rundt oss kan ein ikkje berre klage på kommunen. Kommunen ER alle innbyggjarane, og soleis kvar einskild sitt ansvar å tenkje over kvar ein slengjer søpla si og ikkje berre hive frå seg kvar som helst.

Søppel har blitt eit gedigent problem i velferdssamfunnet vårt. Diverre er eg redd det vil ta lang tid før mange iblant oss skjønar at søpla ein slenger frå seg i dag vil møte ein midt i «trynet» i morgon. Og det er flott at du plukkar opp etter andre, det gjer mange, utan at det blir særskilt utbasunert.

For den som elskar det ville fugle- og dyrelivet er kanskje ein bustad i utmarka noko å vurdere. Men det vil sjølvsagt ikkje bli same komforten som å bu i ein by som Oslo eller Ulsteinvik.