- Stiftinga og kommunen bør snakke saman

Bjørndals Minne er tema i denne vekas leiarartikkel.

Bjørndals minne.  Foto: Ragnhild Vartdal

Meiningar

Kva bør skje med Bjørndals Minne? Stiftinga Bjørndalsfondet, der ordføraren er styreleiar, vil selje bygget til Ulstein kommune for 6,8 millionar kroner. For pengane stiftinga får inn på salet, vil dei støtte kulturelle føremål.

Kommuneadministrasjonen er negativ, og tilrår følgjande: “Ulstein kommunestyre kan ikkje sjå at Ulstein kommune har bruk for bygget Bjørndals Minne til eiga verksemd eller at kommunen bør kjøpe den for å leggje til rette for aktivitet.” Levekårsutvalet støtta tilrådinga denne veka, no skal saka vidare til formannskap og kommunestyre.

Årsaka til negativiteten er opplagt: kommunen har ikkje råd til å betale nesten sju millionar for eit bygg som både må pussast opp og haldast ved like.

Men det er truleg stor semje blant innbyggarane i Ulstein om at bygget frå 1954 har stor kulturhistorisk verdi. Det var bibliotek i Bjørndals Minne fram til seinhausten 2017, då biblioteket fekk nye lokale i Ulstein Arena. Huset har også vore brukt til skule. Bygget har vore med på Ulsteinvik si reise frå bygd til by, det har ei sentral plassering i sentrum og har betydd mykje for mange i generasjonar.

Difor vil det vere svært trist viss bygget berre skal stå til nedfalls og ikkje lenger ha ein funksjon i Ulsteinsamfunnet. Endå tristare blir det viss bygget blir rive, og dermed lir same skjebne som ei rekkje andre historiske bygg allereie har gjort i kommunen.

Ulstein kommune er den mest logiske eigaren, det er vanskeleg å tenkje seg at ein annan aktør vil ta på seg å forvalte huset. No bør stiftinga og kommunen snakke saman og bli samde om ei løysing. Pengane bør heller brukast til å setje huset i stand, slik at det igjen kan brukast til kulturelle føremål.