- Det er ikkje berre Trump som byggjer mur

- Kva vurderingar har kommunen gjort i høve til det gamle bumiljøet bak bygget som no er under oppføring, spør John Georg Larsen i Vikemyra.  Foto: Emily Louisa Millan Eide

Meiningar

Skrive av John Georg Larsen, Ulsteinvik

Det er Ikkje berre Trump som byggjer mur - Rome AS byggjer også «mur» i Ulsteinvik, med kommunen si velsigning ser et ut til!

Biletet syner fylgjene av bygget som Rome AS fører opp i sentrum av Ulsteinvik. Biletet syner også dei store negative konsekvensane dette får for den etablerte bebyggelse i området og den svekka boverdien det medfører.

Ikkje berre økonomiske konsekvensar i form av lågare verditakst på eigedomane, men endå viktigare er dei negative føgjene i kvardagane ved å bu bak «muren».

Dette har altså Ulstein kommune godkjent. Så kan ein spørje kva vurderingar kommunen har gjort i høve til det gamle bumiljøet bak «muren»?

I Bygningslova er kommunen pålagt å vurdere korleis ny bygningsmasse høver inn i den eksisterande, og vurdere fylgjene av dette. Her trur eg Ulstein kommune må utdjupe dette til alle involverte, gjerne gjennom pressa!

I Ulstein kommune sin arealplan, Kommuneplan del 1, står det at kommunen vil leggje vekt på høyring frå einskildpersonar, lag og organisasjonar i saker som vedkjem miljø og andre forhold som verkar inn på bu- og livsmiljø.

Vikemyra Velforening har vi ikkje fått høve til å kome med uttale i denne saka. Vi har tidlegare uttalt og engasjert oss i forhold som har med bu- og livsmiljø i området der vi bor, men har svært dårleg erfaring med at våre argument blir tekne på alvor. Bl.anna kosta vi ein alternativ reguleringsplan betalt av medlemane, om sentrumstilhøve der vi bor, men opplevde at den vart «putta i ei skuffe» på teknisk etat.

«Opprøret» på Flø og klare meldingar frå m.a. Eiksund-området undetstøttar at «lytteøyret» i kommunen ikkje er godt nok. Prisen som Ulstein kommune nyleg fekk for god innbyggjarkommunikasjon kjem i eit underleg lys for fleire enn oss i Vikemyra velforening.

Det må vere mogleg å «fortette» sentrum på ein måte som ikkje øydelegg for mange som allereie bur der, og i alle fall syte for at utbygginga skjer slik at eksisterande busetnad blir teken i vare på ein god måte.

Vi har for mange døme på det motsette diverre. Politikken i kommunen er tydlegvis «det som skjer det skjer» berre vi får utvikling!!

På eit av «folkemøta» på Ulstein ungdomsskule vart det oppmoda til at kommunen gjer vurderingar med tanke på den gamle trehusbebyggelsen i sentrumsområdet- slik at ein ringar inn aktuelle områder som skal bevarast med tanke på den unikiteten som enno fins. På den måte vil ein kanskje unngå at «pengeinteresser» jaktar på eigedomar innan bevaringsområdet, for å bygge kolossar slik vi no ser i Bjørndalsvegen.

 Nokon tilbakemelding på «strek rundt bevaringsverdig område» har vi enno ikkje sett noko av. Det som no skjer synes mange er til «skrekk og advarsel»!