Hei, hå, no er det jul igjen

snart jul: Graset er enno grønt, lauvet heng framleis på trea, like fullt nærmar det seg jul. 

Meiningar

Så er det snart jul igjen, folkens. Eller – handelsstanden – feirar jul, straks. Ingenting er vel som å høyre «I’m Dreaming of a White Christmas» larme frå julepynta skobutikkar i pøsande novemberregn. Det er vekevis til jul og vi skal igjennom den mørkaste, våtaste og kjipaste tida av året. Og midt oppi dette må du springe frå butikk til butikk med vrengt paraply, våte sko og tørr bankkonto og gjere førebuingar.